Den unge mannen blei dømd til fengsel i 24 dagar. Foto: Sigbjørn Høidalen

Fleire trafikklovbrot var oppe i retten då den unge sjåføren stod tiltalt i Sør-Rogland tingrett førre veke.

Det første mannen stod tiltalt for, var brot på vegtrafikkloven §31, der han hadde køyrd i strid med skilt for fartsgrense. Det er 80 kilometer i timen som er høgaste tillate hastigheit i Mastrafjordtunnelen, og han var nær ved å doble denne hastigheita då han blei fotografert i fotoboksen i november.

Berre veker seinare kolliderte mannen i ein fjellvegg i sørfylket. Han hadde då på to sommardekk på bilen, sjølv om dette var i desember, og dette var skjerpande for straffa som blei målt ut. Han hadde i tillegg hatt for høg fart etter forholda. Bilen fekk betydelege skader og måtte kondemnerast. Sjølv fekk sjåføren berre ein kul i hovudet.

I dommen står det å lese at «Aktsomhetsnormen i vegtrafikkloven er streng, og retten vurderer tiltaltes køyring som aktlaus. Om det at han hadde sommardekk bak hadde noka betydning for at han mista veggrepet har retten ikkje føresetnader for å mene noko om, men han hadde openbert for høy fart etter forholda».

Om fartsovertredelsen skriv dei i dommen «Forholdet i post II er det mest alvorlege. Køyring i så høy hastigheit medfører stor fare, ikkje minst fordi den skjedde i ein tunnel. Det er skjerpande at tiltalte hadde med ein passasjer i bilen.»

Mannen blei dømt til 24 dagar i fengsel og førarkortbeslag i 25 månader.