Onsdag kveld møtte Øyposten ein sopplukkar i turområdet Teigen på Finnøy.

– Eg har funne nokre kantarellar, steinsopp og ein piggsopp, seier sopplukkaren, som ikkje vil stå fram med namn:

– Eg har nokre kantarellplassar der eg kan håpe det blir litt å hauste framover.

Soppane han har i den luftige posen er nok til å heve eit knippe middagar til gourmetiske høgder.

Sopp vil ha fuktig vær. August og september er dei store soppmånadane, så då er det bare å gle seg for dei som er interesserte i dette.

Værmeldinga fortel at det skal bli meir regn søndag og i starten av neste veke, altså meir soppvær.

Værmelding for Finnøy dei neste dagane. Foto: Yr.no