Det er dette kartet, som viser hensynssoner for landskap og friluftsliv, midt i traséen for Øyfast, som vekkjer uro. Foto: Stavanger kommune

FINNØY: Grøn plan er eit tillegg til den nye arealplanen for Stavanger, og det er spesielt hensynssonene for landbruk og friluftsliv som vekkjer bekymring.

Heile Sjernarøyane pluss Fisterøyane og deler av Halsnøy er i planen skravert som hensynssoner, midt i traséen for Øyfast-prosjektet.

Torsdag kveld innkalte Krf i Finnøy til åpent møte om «Grønn plan», Øyfast og den nye kraftforbindelsen.

Sissel Marie Bjerga var «opprørt» over forslaget. Ho meiner øybuane godt kan «fyra seg litt opp over forslaget» og oppfordra medlemmer av alle parti til å engasjera seg i planen og påverka.

-Traséen til Øyfast er foreslått forlenga i fire år til, men viss det ikkje skjer noko innan den tid risikerer me at han aldri kjem inn igjen, sa Bjerga og viste til forslaga i «Grønn plan».

Målet med områda for hensynssoner er å fange opp eit representativt utvalg av ulike landskapstypqr i kommunen. Områda er fordelt over heile kommunen. Dei største samanhengande områda er mellom anna Sjernarøyane, Fisterøyane og nordsida på Ombo.

Det var møtt fram 10–12 personar på møtet, mesteparten frå øyane utanom Finnøy, men utan at det blei trekt nokon endeleg konklusjon eller fatta noko vedtak.

Det blei etterlyst større engasjement for Øyfast, for dei som nå står i spissen for prosjektet kjem aldri til å oppleva å få kjøra på fastlandsprosjektet uansett, blei det sagt.

Ballen ligg nå på mange måtar hos dei ulike grendalaga i kommunedelen.

10–12 hadde møtt fram på det åpne møtet til Krf. Foto: Rune Nedrebø