Imponerande givarglede trass i stramare økonomi

Sjølv om fleire opplever trongare kår denne jula, er det komme inn snautt 24 000 kroner til årets julegåveaksjon imponerte over alle som vil bidra.

Ragnhild Valand t.v og Brenda Talgø Kolstadløkken er spent på resultatet når årets julegåveaksjon skal teljast opp på torsdag.
  • Oddbjørg Måland
Publisert: Publisert:

FINNØY: - Dette er svært imponerande, og over all forventning, seier ein av initiativtakarane, Brenda Talgø Kolstadløkken i Kyrkja i Finnøy. For tredje år på rad har ho saman med Ragnhild Valand i frivilligsentralen arrangert julegåveaksjonen.

Dei to ønskjer å rekka ut ei hand til dei som treng litt ekstra i jula.

– Me veit at med litt ekstra å rutta med, kan jula bli litt betre for dei som slit mest.

Siste dag for aksjonen er onsdag 30. november, så det er ennå tre dagar igjen å bidra for dei som ønskjer.

– Jula er ei tid der ein ofte har fleire utgifter enn vanleg. For mange vert dette ein vanskeleg situasjon. At beløpet har blitt såpass stort som det har blitt i år, er heilt fantastisk. Det er trass i alt vanskelegare økonomiske tider for dei fleste.

NAV Rennesøy og Finnøy tek seg av utdelinga av pengane, anonymt, til dei som treng.

For dei innsamla midla kjøpar dei gåvekort på Coop på høvesvis 500 og 1000

I fjor kom det inn rundt 15 000 kroner og rundt 20 000 kroner fyrste året.

Vil du bidra kan du gi pengar via vippsnummer 719152 eller kontonummer 3347.300.1905. Merk bidraget med «Julegåveaksjon».