Harry fant irriterande nykommar

Harry Olsen kan vere ein av dei første som har blitt angripen av hjortelusfluge på Finnøy.

Harry Olsen med liket av det som sannsynleg er ei hjortelusfluge i plastposen.
Publisert:

– Eg kjende det krabba. Eg slo ho flat, men då hoppa ho bare vidare. Det var då eg skjøna det måtte vere eit nytt insekt, seier Harry Olsen.

Etter å ha undersøkt saka er han nokså sikker på at det må ha vore ei hjortelusfluge som han fekk under ein tur i Teigen på Finnøy rett før helga:

– Mattilsynet seier at dei har fått inn observasjonar av hjortelusfluge frå Ryfylke, men ikkje frå Finnøy. Samtidig seier dei at der det er hjort, er det garantert hjortelusfluge.

På Finnøy er det hjort.

Nærbilde av hjortelusfluge.

Hjortelusfluga er ein blodsugande parasitt på hjortedyr som rådyr, elg og hjort. Om hausten landar den ofte på menneske, som den vanlegvis ikkje stikk. Viss den likevel stikk, kan stikket klø i lang tid, skriv Folkehelseinstituttet.

– Eg synest ikkje det er kjekt å få endå meir blodsugande insekt på øya, seier Harry.

Øyposten kan òg melde om at det kom ei flat fluge og sette seg fast då me nyleg til liks med Harry var på tur i Teigen. Det likna veldig opplevingar me har hatt med hjortelusfluge under tyttebærturar på Austlandet.

Halvard Helgø på Judaberg har ein del greie på insekt, og han har tidlegare funne ei anna type lusfluge på Finnøy.

– Eg har funne fleire lusfluger på fuglar som eg har fått stadfesta at ikkje er hjortelusfluge, seier Halvard.

Fuglelusfluge og hjortelusfluge kan vere vanskelege å skilje frå kvarandre, les me på nettet. Eit trekk ved hjortelusfluga er at den er meir hissig, og at den opptrer særleg om hausten då folk er mykje i skogen for å plukke sopp og bær.

Hjortelusfluga har kome sørfrå og har på 2000-talet spreidd seg over låglandet i Søraust-Norge, kystnære område på Sørlandet pluss nokre få stader i Rogaland, ifølgje Folkehelseinstituttet.

Publisert: