Sel solsikker for broren

Olav Landa har sådd eit halvt mål med solsikker på Landa, som han nå haustar fruktene av.

Terje Landa med solsikkebukettar som han sel for broren Olav Landa langs vegen på Nærland.
Publisert: Publisert:

Langs vegen på Nærland rett sør for rundkøyringa på Nådå står ei bøtte med solsikkebukettar. Ved å vippse 75 kroner til eit nummer, kan du ta med deg ein kvast, står det på ein lapp.

Den vesle blomehandelen står på grunnen til Terje Landa, men den eigentlege kremmaren er broren Olav Landa, som bur på Landa, på hi sida av Finnøy.

– Eg har eit dotterselskap til dette, seier Olav.

– Det er dottera mi Kristin som har det, legg han til.

Kristin er elleve år.

Heime på Landa har Olav sådd eit halvt mål med solsikke. Det vil rekke til 500 buntar, eller så, trur han, som kan seljast heilt fram til frosten kjem.

– Me har akkurat starta, og så langt har me seld fem, seier Olav:

– Blomane er fine å ha på bordet, og er eit alternativ til dei utanlandske blomane du får kjøpt på Kiwi. Når solsikkene er avblomstra, kan du henge dei ut som fuglefrø.

Han driv elles med sal av frukttre heime i hagen.

Ulempa med Landa, vil Øyposten tru, er at det er lite gjennomgangstrafikk der. På Nærland, hos broren Terje, må det vere ein mykje større straum av mulige solsikkebukettkundar.

Publisert: