Livleg diskusjon rundt framtida for meieriet i Vikevåg

Kafé og nok plass til lag og organisasjonar pluss god plass til kunsten til Svein Magnus Håvarstein var sentrale tema då kommunen inviterte til diskusjon om framtida for meieriet i Vikevåg.

Det blei friske meiningsbrytningar og mange innlegg då planane for meieriet blei presentert.
Publisert:

RENNESØY: Det blei frisk diskusjon og mange spørsmål på det åpne møtet om framtida til meieriet i Vikevåg, som kommunen inviterte til.

Arkitekt Anita Brekke i Link Arkitektur leia møtet, som samla rundt ein halvfull sal.

Det var presentasjon av kor langt prosessen er kome, spørsmål og svar og oppsummering. Både havnivå, vind og vér blei berørt, samstundes som det må takast omsyn til framtidig havnivå, stormflo og le for vinden.

– Me vil prøva å få fram dei fine kvalitetane som meieriet originalt har og hadde, og tilpassa det nye funksjonar. Til dømes vil me åpna opp der det alt er åpningar, laga innsyn og utsyn, men likevel ta ivare dei estetiske kvalitetane og få meir lys inn utan å bryta radikalt med fasaden slik han er i dag, sa Brekke.

Arkitekt Anita Brekke frå Link Arkitektur presenterte planane for meieriet.

Skal ta vare på meieriet

Brekke vil at meieriet, slik det ein gong var, skal vera utgangspunktet, og legg til grunn gamle bilete som akitektane ynskjer å ta utgangspunkt i.

Arkitekten viste også ei skisse av korleis bygget er planlagt og forklarte dei forskjellige romma og løysningane i bygget.

I første etasje blir det i hovudsak bibliotek, scene med kjøkken, storsal, kafè og innbyggartorg og innbyggarservice. Her er det også tenkt kontorer til ulike formål.

I andre etasje i meieriet skal ungdom og fritid få plass. Her blir det også eit lite kjøkken pluss møterom. Biblioteket vil også få noko plass her, og det skal vera plass til kontorer og jobbstasjonar. Balkongen skal takast vare på.

I tredje etasje blir det felles samlingsplass med tekjøkken, tekniske rom, toaletter, heis, luft- og lysterrasse, lagerplass, møterom, stillerom og plass for lag og foreningar.

Blant spørsmåla i etterkant av presentasjonen var mellom anna om kjøkkenet er stort nok til å kunna sørva storsalen. Anny Hatlen lurte også på om det var lagerplass nok til stolane i storsalen.

Anny Hatlen var blant dei som hadde ordet. Det hadde også Kristin Surnevik til høyre bak.

Nok plass

Folk var også opptekne av om det ville vera nok plass til husflidslaget i det oppussa meieriet, og om kunsten til Svein Magnus Håvarstein fekk koma til sin rett.

-Kunsten til Håvarstein må vera godt synleg og ikkje gøymast vekk på eit loft, slo Tor Bernhard Harestad fast.

Kristin Surnevik påpeika at planlagt areal i nybygget til husflidslaget bare er halvparten av det som laget har i dag.

-Me kjem til å trengja meir plass, gjerne ein verkstad til dei mange aktivitetane me held på med. Dette er det ikkje teke omsyn til i dei nye planane, sa Surnevik mellom anna.

Tor Bernhard Harestad var lettare sjokkert over at arkitektar og kommunen ikkje hatt møte med brukarane av huset samt lag og organisasjonar. Noko som blei avvist av arkitekt Anita Brekke.

– Me har har hatt møter med brukargrupper, svarte Brekke.

Men det blei hevda at fleire lag og organisasjonar ikkje er blitt invitert med på planlegginga. Heller ikkje kommundelsutvalget har blitt invitert til å vera med.

Lill Ann Nørgård, prosjektleiar i kommunen svarte at kommune skal ta omsyn til alle innspel og vurdera dei. Ho fann fram lista over dei lag og organisasjonar som har fått vera med på diskusjonane rundt planlegginga av meieriet.

Tor Bernhard Harestad etterlyste større involvering frå kommunen si side med dei som skal bruka huset.

Fire cateringfirma i Rennesøy

Peder Hodne var ikkje enig i kritikken mot kjøkkenet. Han påpeika at det er fire cateringsfirma i Rennesøy som kan levera mat.

-Det er ikkje sikkert det er bruk for eit stort kjøkken, kanskje kan maten heller bestillast, meinte han.

Det blei også reist spørsmål om kor viktig det er å ta vare på arkitekturen til bygget, noko som var avgjerande for dei aller fleste.

Forslaget til ombygging av meieriet i Vikevåg.

Til kommunestyret i haust

Det blei også spurt om kommunen har tenkt på samanhengen mellom dei to bygga, men så langt har ikkje planlegginga foreløpig kome. At Vikevåg nå kan få ein kafé blei også godt motteke, for det er noko plassen treng, blei det sagt.

På spørsmål om kva Anita Brekke tykte om responsen på møtet, svara ho:

– Det er kjekt at folk bryr seg og er engasjert, og at det er stor stemning for å ta vare på meieriet slik det er i dag. Det er viktig for oss, seier arkitekt Anita Brekke til Øyposten, som oppfordrar folk til å koma med innspel nå.

Prosessen vidare er at romprogramkomiteen skal møtast 26. april, 25. september skal planane og prislappen opp i kommunestyret og i første kvartal neste år startar rivinga.