Jakob Steinnes inviterer til open butikk i helga. Det blir julevarer og mykje anna nytt. Foto: Silje Talgø Klakegg

Butikken var ikkje veldig vanskeleg å finne. I Kyrkjeskarsvegen er det skilta inn til interiørbutikken, og når ein kjem rundt svingen på stikkvegen, ligg det vesle butikkhuset til venstre.

Øyposten besøkte butikken fredag morgon, og var mektig imponert over dei kreative treprodukta.

Slik ser butikken ut frå utsida. Foto: Silje Talgø Klakegg

Eit år gammal butikk

Jakob Steinnes og kona Roksana starta butikken for eit år sidan, og dette har vore god butikk. Produksjonen starta dei med i 2009, men først i 2022 opna den sjølvbetente butikken.

– Det er best sal rundt juletider, men jamt over har det gått bra, seier Steinnes.

– Nokre produkt sel så godt på det jamne at me kan ha eit lager av dei, medan andre, som kartet over Game of Thrones, kan me ikkje sitje på så mange av. Da blir det sånn at me produserer nytt når me sel det me har inne.

Butikken er sjølvbetent og betalinga føregår via Vipps. I helga blir det kaffi, gløgg og litt snacks for å feire butikken sitt første jubileum.

– Me har ein del nye produkt framme i butikken no, fortel han.

– Til dømes adventsstjerna som eg har designa sjølv. Me har òg adventskalender, julepynt og produkt som me sel godt av heile året. Sauane er populære.

Mange kreative produkt, alt laga av kryssfiner heime hjå Steinnes. Foto: Silje Talgø Klakegg

Gründer og småbarnsfar

Han trivst godt med kvardagen som gründer på Finnøy. Som tobarnsfar er det praktisk å vere sin eigen arbeidsgivar. Då er det godt at det blir tatt godt i mot av kundane.

– Finnøyfolk er flinke å støtte opp om lokale initiativ, og me får inn bestillingar jamt og trutt. Mange ønskjer seg noko spesielt, og då gjer me så godt me kan for å få laga eit produkt som fell i smak, seier Steinnes.

Han håpar at flest mogleg vil ta turen innom butikken i løpet av helga.

– Her har me noko for ein kvar smak. Og alle er velkomne om dei berre vil ta ein kikk på kva me har å tilby også.

Eit lite utval av produkta til Steinnes tre. Foto: Silje Talgø Klakegg