Trur opplegget for hurtigbåtane vil stå fast i fem år til

Rogaland fylkeskommune må kutta 100 millionar i løpet av fire år, men fylkesvaraordførar Arne Bergsvåg trur at opplegget for hurtigbåtane vil stå fast i fem år til.

Fylkesvaraordførar Arne Bergsvåg (sp)
Publisert: Publisert:

STAVANGER: -Det er eit opplegg som me har jobba mykje med, og som det var brei semje om. Difor trur eg at opplegget som blei lagt vil stå fast. Neste år blir det ingen endringar for hurtigbåtane, men det blir truleg lyst ut eit nytt kort anbud for dei neste fem åra frå 2025, opplyser Bergsvåg.

I revidert nasjonalbudsjett som kom på torsdag blir det lagt opp til at Rogaland må kutta 100 millionar kroner i løpet av fire år.

-Det er klart at me må ta dette inn på driftsbudsjettet, viss det blir ståande. Men me må prøva å påverka sentrale myndigheter til å omgjera kuttet, seier Bergsvåg.

-Regjeringa sviktar Rogaland, meiner Kjartan Alexandre Lunde.

Venstres Kjartan Alexander Lunde meiner Ap og Sp sviktar Rogaland.

-Det er heilt vanvittig. Venstre er særleg bekymra for kva dette kan bety for dei videregåande skulane og kollektivtilbudet i Rogaland framover. Det er alt blitt varsla kutt og stramare tider for skulane og kollektivtilbudet. Nå tek Ap og Sp massivt med pengar frå Rogaland og sentraliserer. Det vil bli skikkeleg dramatisk for skulane og kollektivtilbudet i åra framover, seier Lunde.

Arne Bergsvåg meiner det ikkje nyttar å slå kvarandre i hovudet med kva regjering som kuttar mest i Rogaland.

-Me opplevde at Solberg-regjeringa kutta 130 millionar kroner i hurtigbåttilbudet over natta, men det fekk me snudd. Kutte nå er mindre enn frykta, men me kan ikkje slå oss til ro med dette, seier Arne Bergsvåg, som også påpeikar at svikt i passasjergrunnalget for hurtigbåtane kan føra til justeringar i tilbudet.

Arne Bergsvåg trur at hurtigbåttilbudet vil bli som foreslått dei neste fem åra frå 2025.