Gang- og sykkelveg Reilstad-Nåden blei ikkje prioritert
Fylkestinget prioriterer ikkje gang- og sykkelvegen frå Reilstad til Nåden dei neste sju åra.
FINNØY: I handlingsprogrammet for samferdsel 2023–2030 er ikkje gang- og sykkelvegen Reilstad-Nådå med.
Det er klart etter at fylkestinget før jul vedtok prioriterte strekningar. Fylkestinget vedtok derimot å løyva 15 millionar kroner til gang- og sykkelvegen på strekninga Fåhadlet til Nådå, på vilkår av at også Stavanger blar opp. Det har Stavanger nå gjort, og då¨er finansieringa av denne strekninga i boks.
Saka var også oppe på siste møtet før jul i kommunedelsutvalet, og der blei det vedteke at det «iverksettes arbeid med regulering og finansiering av hele eller deler av strekningen Nådå - Ladstein.
Arbeidet koordineres med L- nett sitt ledningsprosjekt for å oppnå miljømessig,
økonomisk og tidsmessig gevinst», heiter det i vedtaket frå kommunedelsutvalet i Finnøy.