Tilbyr råd om korleis restaurere gamle hus

Eigarar av verneverdige bygningar i Ryfylke skal nå få tilbod om gratis rettleiing i forbindelse med restaurering og vedlikehald av gamle bygningar.

Simen Bie Malde er tilsett som ny rådgivar i prosjektet.
Publisert:

Pilotprosjektet er sett i gang av Rogaland fylkeskommune som eit av tiltaka i den nye regionalplanen for kulturmiljø.

Rogaland Fylkeskommune finansierer prosjektet som skal driftast av Ryfylkemuseet. Museet har tilsett arkitekt og bygningsrådsgivar Simen Bie Malde, som saman med handverkarar skal gi folk råd og rettleiing om korleis dei kan halde gamle bygningar i best mogleg stand.

– Det overordna målet med denne nye tenesta er å bidra til å sikre vår kulturarv, i form av eldre bygg og anlegg. Bygningsvernarven er ein viktig del av vår samfunnshistorie som må takast vare på. Om me ikkje gjer dette, så mister me noko av særpreget i både bygd og by. Dette har òg eit viktig klimaaspekt i seg. Me må i mykje større grad bevare og restaurere i staden for å rive og bygge nytt. Eg håper at vi gjennom å gi råd og rettleiing kan hjelpe folk til å restaurere og halde bygga sine ved like, seier bygningsvernrådgivar Simen Bie Malde i ein pressemelding frå Rogaland Fylkeskommune.

Tilbodet er i hovudsak retta mot restaurering og vedlikehald av bygningar, ikkje ombygging og utviding/tilbygg. Bygningsvernrådgivaren vil òg arrangere kurs.

Fylkeskommunen har sett av 1,5 millionar kroner til pilotprosjektet i 2023 og 2024. I 2025 skal tilbodet evaluerast, og målet er at rådgjevingstenesta blir utvida og eit fast tilbod frå 2026.

Du kan lese meir om tilbodet her.

På synfaring av eit gammalt hus som skal restaurerast.
Publisert: