Slik ser Henrik (KrF) føre seg eit badeland

KrF-topp Henrik Halleland seier han har fått mykje positiv respons etter utspelet om badeland for Stavanger på Judaberg.

Illustrasjon der Henrik Halleland har fått teikna inn eit tenkt badeland bak dagens brannstasjon og fem rekkehus ved kaien på Judaberg.
Publisert: Publisert:

I Øyposten sist veke lanserte Henrik Halleland ideen om å plassere eit badeland for Stavanger kommune på Judaberg.

– Eg har fått veldig mykje positiv respons, seier Halleland:

– Det er viktig å få fram at det eg har lansert på Judaberg er eit badeland, ikkje eit folkebad med 50 meter lengde og 10 meter stupetårn.

Inspirert av badelandet i Suldal har han fått teikna inn kva han ser for seg på den byggeklare tomta bak brannstasjonen og fem rekkehus i Fågjerdet, rett ved Judaberg kai.

– Badelandet i Suldal kosta 150 millionar kroner då det blei bygd for åtte til ti år sidan. Me kan kanskje få eit badeland på Judaberg for 250 til 300 millionar kroner. Me pratar her om ein heilt annan pris enn det planlagde folkebadet meir sentralt i byen.

Halleland ser føre seg å dele opp kommunens badeprosjekt slik at sentrum får eit folkebad mens eit mindre badeland blir lagt «på landet».

– I kommunestyret er det breitt fleiralt for at Stavanger bør få eit badeland, slik at familiar og andre ikkje treng å reise til Suldal, Kvinsesdal eller Lyngdal. Me får nok ein lokaliseringsdebatt, og då vil eg jobbe for Judaberg, seier Halleland.

Han vil prøve å jobbe fram ei sak i løpet av hausten og ser føre seg eit mulig vedtak neste år der det blir sett av pengar i kommunebudsjettet for 2025.

Publisert: