Veteranferje tek bilar og gods mens Ryfylkeferja er på service
Dei neste dagane er det eit litt spesielt opplegg for dei som vil følgje «mjølkeruta» Ryfylkeferja rundt i Ryfylkebassenget.
MF Ryfylke, kjent som Ryfylkeferja, eller mjølkeruta i Ryfylkebassenget, er på årleg verkstadopphald. Opphaldet starta onsdag 16. august og vil vare i cirka to veker, det vil sei til midten av neste veke, melder Kolumbus.
I mellomtida har ein veteranbåt frå Vestre Åmøy blitt sett i trafikk på deler av ruta. MF Shjandy blei bygd i 1956 og har tidlegare gått i trafikk på Nordmøre. Sidan 1997 har den vore på Vestre Åmøy der den har teke ulike oppdrag i ulike næringar. Båten høyrer til selskapet Skyssbåtservice, som på nettsida si skriv om Shjandy:
«Stor spesialbygget kjørelem gjør båten meget godt egnet for transport til steder uten fergeleier.»
I desse dagar tek Shjandy seg av den sørlege delen av ruta til Ryfylkeferja, frå Judaberg og sørover, der det er fleire øyar utan ferjestø, får Øyposten opplyst. Sidan veteranbåten ikkje er godkjent for vanleg rutetrafikk, blir den følgd av ein hurtigbåt som tek persontransporten. Shjandy tek berre bilar og gods.
Den nordlege delen av ruta, frå Tau og Judaberg og nordover til Jelsa-landet og der omkring, blir serva av MF Hidraferja.
Rutetidene skal vere som dei har vore medan MF Ryfylke er på service fram til ut i neste veke.