Finnøy skule blir mobilfri

Elevane ved Finnøy skule får ikkje lenger lov til å nytte mobiltelefonen i skuletida.

Priska Josefine Oeynhausen (f.v.), Anne Rørtveit og Frida Figved synest at det går greitt å ikkje ha mobilane tilgjengeleg gjennom skuledagen.
Publisert: Publisert:

Rektor Bente Tjelta fortel at det var stor einigheit i FAU og blant personalet om at dette ville dei gå for.

– Hovudregelen er at ein ikkje skal bruka mobilar i undervisningstida, medan ein kan velja i friminutt for elevane på ungdomstrinnet. Me drøfta saka i FAU, elevråd og møte med personalet. Etterpå hadde me sak i SU der det blei bestemt at skulen skulle vere mobilfri på alle trinn. Elevane blei nok nedstemt her.

Ho seier at dei har hatt regelen ei stund, men at det begynte å skli litt ut i førre skuleår, og at dei difor valte å gå meir offensivt ut no.

– Det er viktig at foreldre og føresette er med på å hjelpe oss i høve desse reglane. Ein les mykje i media om kor bra det kan vere at skulen er mobilfri, så dette motiverer oss vidare, legg ho til.

Øyposten møtte ei gruppe tiendeklassingar på kaien og spurde dei korleis mobilforbodet blei tatt i mot blant elevane.

– Eg synest det er heilt greitt, seier Sonja Hebestreit.

Anne Rørtveit synest også at det går fint å ikkje få nytta mobilen i skuletida, og ho trur det vil gjere at elevane blir meir sosiale.

– Men eg synest det er dumt at me ikkje får lov til å bruke mobilen på skuleområdet fram til skulen startar. Det er jo ikkje i skuletida, seier ho.

Publisert: