– Eg blei litt paff då eg såg det, seier Kari Kristine Norheim.

Søndag kveld fekk ho tatt bilde av ein hjort som gjekk rett ved sidan av ei ku heime på Norheim på Kyrkjøyna, ei av Sjernarøyane.

– Dei gjekk der ganske så roleg. Det såg rett og slett triveleg ut, seier Kari.

Ein hjort har gått på øya i heile sommar, fortel ho, men ho har ikkje sett den så tett på ei ku før.

– Me har mykje rådyr her ute, men eg har berre sett denne eine hjorten.

På naboøya Bjergøy er det hjortejakt. På Kyrkjøyna er det vel ikkje hjortejakt ennå, så vidt Øyposten veit. Den største hjortestamma i øyane finn me på Ombo, ein to kilometer lang svømmetur frå Sjernarøyane.

Kart som viser Norheim: