Gratis ferje aukar handelslekkasjen

Nå har det skjedd det som mange fryktar. Gratis ferjer har ført til at fleire tek handelen på Finnøy.

Gunhild Hovda Grønås, butikkleiar på Joker Fogn merker ein viss nedgang i handelen etter at ferjene blei gratis.
  • Oddbjørg Måland
Publisert: Publisert:

FINNØY: Fleire av butikkane har små marginar i utgangspunktet, og med gratis ferjer har kampen om kundane stramma seg ytterlegare til.

Lokalbutikkane er viktige på øyane ikkje berre når det gjeld handel, men og som sosiale møteplassar og som servicestad for innbyggarane, hyttefolk og turistar.

Butikkane er limet i små samfunn.

Alt på ein gong

– Kvar dag er ein kamp for tilværet. Akkurat no er det mange uheldige omstende som slår til samtidig, fortel Karin Ågesen på Joker Ombo.

I oktober gjekk innbyggarane på Ombo saman om ei kronerulling til betaling av straumrekninga i butikken. Dei knallhøge straumrekningane gjer at mange butikkar kjempar for livet. For Ombo sin del har straumrekninga auka frå 20.000 kroner i månaden til nærare 80.000 kroner.

-Eg har skrudd ned, og av, alt det er forsvarleg å redusera på i butikken, både kjøle- og fryseskap, varme og lys. Det er ikkje triveleg her lenger, men det er nødvendig. Etter det eg høyrer er det fleire butikkar som slit no.

Samanlikna med fjoråret og året før, er nedgangen på Joker Ombo stor.

-Eg veit ikkje kva neste år vil bringa, me tek ein dag om gongen, seier Ågesen.

Gunhild Hovda Grønås, butikkleiar på Joker Fogn kjenner seg igjen i situasjonen på Ombo.

– Ja, me erfarer det same. Med gratis ferje er det lett å handla andre stader. Med små marginar i utgangspunktet skal det ikkje så mykje til før det gir utslag.

– Er det slik at denne situasjonen har ført til ekstra tiltak i butikken?

– Eg veit ikkje om eg kan sei denne situasjonen åleine, men kanskje heller summen av alt. Me har redusert opningstidene og bemanninga. Det er vanskeleg å halda hjula i gang på same nivå når absolutt alt har blitt dyrare.

Fleire brukar hyttene

Nærbutikkar over heile landet har fått 23 millionar kroner gjennom Mercur-programmet for å kompensera for høge straumprisar og for å unngå at små samfunn kan risikera å mista butikken sin.

– Eg veit ikkje om støtteordninga vil fortsetta til neste år. Me er heilt avhengig av draghjelp og at flest mogleg handlar i butikken skal me klara overleva.

Trass i økonomiske utfordringar skal Joker Fogn i gang med straumsparande tiltak i butikken etter jul.

– Dette er tlitak som vil gi økonomiske gevinst over litt tid. Belysninga inne skal bytast ut til led, og me får nye kjølediskar med tette dører og solcellepanel på taket, seier Gunhild Hovda Grønås.

Oddfrid Nygård Nedrebø i Joker Helgøysund har ikkje merka større handelslekkasje etter ar ferjene blei gratis.

– Eigentleg ikkje, om det vil komma seinare veit eg jo ikkje. Akkurat no verkar det som om det er fleire som brukar hyttene sine oftare. Med gratis ferje er det lettare å ta korte turar, nokon reiser til og med inn på dagstur. I pandemien var folk flinke å bruka butikken, eg trur kanskje det heng igjen ennå, heldigvis, seier Nygård Nedrebø.