Symesterskap-Turi på Finnøy: Alt kan gjenbrukast

Alt kan gjenbrukast, sa Turi Rudningen, kjent frå NRK-serien «Symesterskapet» då ho besøkte biblioteket på Finnøy sist veke.

Turid Rudningen fortalde historia om plagga ho har laga av gamle klede og tekstilar.
Publisert:

FINNØY: Gjennom den populære realityserien som gjekk på NRK i fjor har Turi Rudningen inspirert mange til gjenbruk og redesign av gamle klede og tekstilar.

Inn med morsmjølka

– På grunn av mitt brennande engasjement for berekraft og gjenbruk, fekk eg kjapt tilnamnet miljøsyersken i serien, smiler Turi.

Ho fortel at ho vaks opp på gard i Hallingdal og at gjenbruk var heilt vanleg. Ho fekk ikkje grøne fingrar, men mange gode verdiar.

– Eg har fått dette med gjenbruk inn med morsmjølka, og tykkjer det er kjekt at fokuset på gjenbruk og redesign av tekstilar er på veg inn igjen.

Målet hennar, både privat og i jobben som prosjektleiar for Turistforeningen si systove «Returen», er at ingen ting skal kastast.

– Alt kan gjenbrukast. Me har ein visjon om sirkularitet og nullsvinn på «Returen». Det gjeld å vera kreativ og gi nytt liv til gamle tekstilar. Det blir produsert alt for mykje klede i verda i dag. Det beste me kan gjera for miljøet er å kjøpa mindre, altså forbruka mindre. Gjenbruk av klede reduserer avfallet og behovet for gjenvinning, samtidig som det reduserer etterspørsel og dermed ny produksjon.

Tekstil- den nye plasten

Turi viser flotte klesplagg som har fått nytt liv av gamle tekstilar. Spesielt ein svart blazer får mykje merksemd.

Dagrunn Bø og Anne Grethe Østhus studerer hardangersaumen på blazeren som ein gong var ein rosa duk.

– Sjekk armane. Her har eg lagt inn eit felt med hardangersaum. Duken var rosa men den har eg farga svart og prøvd å bruka mest mogleg av, seier Turi og viser fram jakka.

Også ein av kjolane ho laga i symesterskapet er med til Finnøy.

– Dette er var ei nullsvinnsoppgåve. Kjolen er laga av eit kvadratisk stykke stoff. Det er ingen restar og ingen glidelås eller knappar.

Turi Rudningen viser fram kleda sine og fortel historia om plagga, kva dei var før omsyninga og korleis ho har laga dei.

– Denne kjolen brukte eg nettopp i eit bryllaup, seier Turi, og held opp ein kjole med lekker rygg laga av makramé. Heile kjolen er berre eit stykke stoff, delt opp i meterlange strimlar på toppen som dannar både form og belte.

Selskapskjole av makramè.

Det vert hevda at tekstilavfall kan bli den nye plasten, som alt utgjer eit stort og veksande miljøproblem. Om lag 70 prosent av alle klede som blir laga er av plast, og Turi oppmodar til å sjå på etiketten og heller velja naturmateriale. Eller aller helst brukt, sjølvsagt.

– Gammal plast er god plast, seier ho.

Gjer minst mogleg

Symesterskap-deltakaren slår også eit slag for nøysemd.

-Nøysemd for meg betyr å vera lukkeleg med mindre. Vera nøgd med og til stades i det livet eg har, kjøpa mindre, bruka det eg har, og bruka det opp. Å vera nøysam er difor det enklaste du kan gjera for å bety ein skilnad.

Dersom du spør meg kva du kan gjera for miljøet og klimakrisa, svarer eg: Så lite som mogleg. Og det du gjer, gjer det i omsorg for deg sjølv, for dei rundt deg og i omsorg for kloden, oppmodar Turi Rudningen.

Arrangementet var i regi av Finnøy Husflidslag.

F