Frå venstre: Jan Sverre Grimstad, Tina Nådland og Tom Egill Tobiassen. Denne gjengen vil gjerne ha deg med på nettverksbygging i øyriket. Foto: Silje Talgø Klakegg

Denne hausten arrangerer dei igjen «Næringsutvikling i Øyriket». Dette er eit samarbeid mellom Gründerkollektivet og innbyggartorga i Finnøy og Rennesøy.

– Dette er ein god måte å skape samarbeid mellom kommunale og private aktørar som kan spele kvarandre gode, seier Jan Sverre Grimstad. Han er bygdeutviklar i næringsavdelinga til Stavanger kommune.

Tom Egill Tobiassen har lang erfaring som gründer etter fleire gründereventyr som både har feila og hatt suksess. Han og kona starta markedsføringsselskapet Ryklame i 2022 med mål om å hjelpe lokale bedrifter til å oppnå sine drøymer. Han meiner at dette er ein viktig møteplass for alle som vil starte noko nytt.

– Det handlar om å tilby eit nettverk for heile øyriket. Her kan ein snakke saman, lære av kvarandre og dele av eigen kunnskap, seier han. Han legg til at alle er velkomne til å bli med på nettverksmøta, anten dei allereie har ein bedrift som går godt, eller om dei berre har tankar om å utvikle ein idé. Her kan du få hjelp til å kome i gang.

Lokale arbeidsplassar

– Me ønskjer at fleire skal ha lokale arbeidsplassar så ikkje alle treng å pendle til byen, seier Tobiassen. Han har sjølv lang erfaring som pendlar, men har ikkje tenkt seg tilbake til den måten å leve på.

– Tenk når all tida som nyttast til pendling heller kan nyttast til noko som byggjer lokalsamfunnet? Har du jobben i nærleiken av heimen, kan du kanskje ta deg tid til å stille som frivillig i idrettslaget eller noko anna som du brenn for, seier Nådland. Ho peikar på at fleire lokale arbeidsplassar kan gi positive ringverknadar på både idrett og kultur.

Ein undersøking i samband med utviklinga av Stavanger kommune når Finnøy og Rennesøy kom inn, blei publisert i dokumentet «Hvilke utfordringar står nye Stavanger overfor?». Denne undersøkinga viste at heile 30 prosent av arbeidsstyrken i Rennesøy pendla inn til Stavanger.

– Det går mykje tid til denne pendlinga, og det hadde nok vore positivt for både familiar og miljø om fleire klarte å skape arbeidsplassar i øyane, meiner Grimstad.

Tryggare nyskaping

– Ved å ha eit nettverk rundt deg, er det tryggare å starta med noko heilt nytt, seier Tobiassen, og visar til at dei ønskjer å legge til rette for eit godt gründermiljø på øyane.

– Mange tenkjer nok ikkje på kor mykje nyskaping og gründarvirksomheit som finst til dømes i landbruk og havbruk, legg Grimstad til.

– Øyane er fulle av gründarar allereie, og me vil gjerne knyte til oss desse i nettverket vårt, sånn at me kan dra nytte av erfaringar som andre har gjort.

Dei fortel at dei ønskjer å skape møtestader for dei lokale bedriftene.

– Det viktigaste er å lage eit attraktivt miljø for dei som ønskjer å skape noko, og at samhandlinga tillèt ein å dele erfaringar utan å vere redde for at nokon vil stele ideane dine, seier Grimstad, og legg til at dette også er ein god stad å finne kontaktar som kan hjelpe ein å få ideane til å bli noko handfast som ein kan arbeidde med.

Det første arrangementet fant stad 12.09. med 35 påmelde. Neste moglegheit blir 21.09, og det vil vere møter om lang to gonger i månaden. For meir informasjon, kan du sjå på Innbyggertorget på Rennesøy eller Innbyggartorget på Finnøy sine Facebooksider.