Ingen kan fortelja kvifor.

Ekteparet hadde gleda seg lenge til endeleg å få besøka sonen og svigerdottera som bur i delstaten Nebraska i USA. På grunn av pandemien har reisa blitt utsett på ubestemt tid, difor var dette ein ekstra etterlengta tur.

Ingen hjelp å få

23. januar i år får dei stadfesta at visumsøknaden til USA er godkjent. I e-posten frå US Customs & Border Protection står det at visumet er gyldig i to år, til 23. januar 2025, og at dei er «autoriserte» til å reisa.

Glade og nøgde betalar dei 900 kroner per visum.

Same dag bestiller dei ein 11 dagars lang ferie, tur/retur Stavanger- Nebraska, med avreise 3. mai. Pris: 24.730 kroner.

På avreisedagen stiller dei på flyplassen i god tid, lukkeleg uvitande om det som skal skje.

– For sikkerheits skuld skreiv eg ut ein kopi av visumet mitt på papir. Johanne hadde ikkje sitt med. Me hadde jo uansett fått bekreftelse på at visum for begge var innvilga, fortel Charles.

Ved innsjekkinga får dei opplyst av visuma ikkje er registrert i passa deira. Ei slik registrering skal skje automatisk når visumet er godkjent, men i dette tilfellet skjedde ikkje det.

– Dermed sto me som to spørsmålsteikn, og forstod sjølvsagt ingenting. Personalet i innsjekkingsskranken kunne ikkje svara på kva som hadde skjedd. Rådet dei gav oss var å printa ut begge sine visum, kjøpa nye billettar og prøva på nytt.

ikkje forplikta å gi svar

Heime, og framleis ved godt mot, printar dei ut begge sine visum og sjekkar at alt er i orden. Deretter bestiller dei nye billettar til vel 17.000 kroner med avreise dagen etter, 4. mai.

Så skjer det same ein gong til.

– Visumet er kansellert. Bekreftelsen på e-posten kan ikkje brukast. Det er rett og slett ikkje til å tru. Personalet i skranken prøver å hjelpa, men dei er like makteslause som oss. Så måtte me altså gjera vendereis endå ein gong.

– Kva gjorde de då?

– Eg ringde til styresmaktene i USA som hadde utsteda visuma, Electronic System for Travel Authorization, ESTA. Etter fem kvarters venting på telefonen, fekk eg endeleg kontakt. Det var to spørsmål eg måtte få svar på: Kvifor får me bekrefta, på papir og elektronisk, at visuma er godkjente og gyldige i to år, men faktisk kansellert? Og, kvifor har me ikkje fått informasjon om kanselleringa? Han held fram: Diverre var det lite hjelp å få. Det einaste vedkomande opplyste om var at han ikkje er forplikta til å oppgi ein grunn. Dermed er me like langt.

Fått visum før

Umiddelbart etter denne samtalen sender Charles ein e-post til ESTA, og tenker at alle må jo svara på ei skriftleg førespurnad. Det er omtrent tre veker sidan, men framleis har han ikkje høyrt ifrå dei.

– Eg har tenkt og tenkt på kva dette kan skuldast, men eg klarer ikkje komma på noko som helst. Me har reist til USA fleire gonger tidlegare og visum har aldri vore eit problem. Me har søkt på same måte kvar gong, via ESTA. Ingenting med oss, eller vår familie, har endra seg sidan siste tur i 2017. Det er ikkje til å forstå, det gjer heller ingen andre me snakkar med, sukkar Johanne fortvila.

Øyposten har vore i kontakt med visumavdelinga på den amerikanske ambassaden i Oslo, men dei gir ingen nyttige svar. I staden ber dei oss kontakta ESTA på e-post. Altså same instans som Charles har sendt e-mail til. Me har helle ikkje fått svar.

– Nå er gode råd dyre:

– Kven kan gi oss eit svar? Det er så fortvilt å stonga hovudet mot veggen. Det er heilt openbert noko som ikkje stemmer, kvifor får me ikkje svar? All den tid me ikkje veit kvifor, veit me heller ikkje korleis me skal ordna opp, avsluttar ekteparet Foldøy/Dickinson.

Til saman har dei brukt over 42.000 kroner på flybillettar og visum, som dei no forsøker å få refundert.