Familien Lilleheim fylgjer draumen og flyttar til eksotiske Oman

Når David Lilleheim tek med seg familien og reisebyrået og flytter til Oman, er han på mange måtar tilbake der det heile starta.

Om få veker er familien Lilleheim klar for avreise til Oman. F.v Julie, Kristin, Sanne, Eirill og David.
  • Oddbjørg Måland
Publisert:

RENNESØY: Det er ein lang draum for David som no går i oppfylling. Å bu i utlandet er ikkje nytt for han, men å pakka ned livet på Rennesøy for å flytta familie og business til andre sida av jorda, det er nytt og spennande. Men ikkje for alle.

Skreddarsyr turar

– Me er heldige som har jobben vår bak pc-en. Om me sit i Oman, Zanzibar eller Vikevåg, blir det same.

– Det har vore ein lang prosess. David har hatt lyst å flytta utanlands lenge. Han har reist heile livet fram og tilbake Afrika i kortare og lengre periodar, men eg har halde igjen. Det er mykje som skal klaffa, tre små jenter, nyoppstarta reisebyrå, pandemi, jobben min. Det er mange omsyn å ta når ein planlegg for ei slik omvelting i livet som me har gjort. No derimot er viktige brikker på plass, både i Muscat, her heime og i alle sine hovud, fortel Kristin.

Familien har gitt seg sjølv to år i utlendigheit, men ser ikkje vekk frå at det lett kan endrast viss forholda ligg til rette.

I 15 år har David skreddarsydd safarireiser til Afrika for eventyrlystne nordmenn. Den seinare tida har han spesialisert seg på toppturar til Afrikas høgste fjell, Kilimanjaro 5.895 moh. Det har vist seg å vera ei god satsing.

Vil ha opplevingar

– Det har vore jamn auke i turistar til Kilimanjaro dei siste åra. Stadig fleire nordmenn vil ha feriar kor dei får ei fysisk utfordring i tillegg til naturopplevingar utanom det vanlege. Kvart år sender me av garde rundt 100 gjester til Kilimanjaro. Rundt 90 prosent av desse klarer å komma seg til toppen. Nordmenn likar å ferdast i naturen og er vane med friluftsliv, det er ein stor fordel. Og det er slett ikkje berre dei i dyrt utstyr som kjem til topps. Det er faktisk vaksne kvinner i 50-åra som toppar statistikken, smiler David.

I januar reiste ein gjeng på 15 til Kilimanjaro, 7 av dei var frå Rennesøy. Den eldste som gjekk til topps var 73 år.

Snakkar språket

Jentene, Julie 11 år, Sanna 8 år og Eirill 5 år skal begynna på internasjonale skule i Muscat. Dei har ingen betenkeligheiter med å flytta, tvert i mot.

– Kva blir det kjekkaste med Oman?

– Det blir gøy og spennande, men det blir litt dumt å reisa frå venene våre. Det er heldigvis lett å halda kontakten. Så kjem me jo tilbake, huset skal ikkje seljast, fortel Julie.

– Tenk viss de tre blir dei einaste norske elevane i klassen?

Eirill,f.v, Julie og Sanne er klar for nye utfordringar. Snart dei skal gå internasjonal skule og læra engelsk og arabisk.

– Ja, men det gjer ingenting. Me får nye vener og kjem til å læra engelsk fort, seier Julie. Sanna skal få begynna på riding.

– Jentene blir nok betre i engelsk enn både David og meg, men dei skal og læra arabisk på skulen, smiler Kristin.

David har hatt store deler av oppveksten sin i Afrika. Då han var to år flytte familien til misjonsmarkene i Tanzania og Kenya. Etter 12 år ved Lake Victoria, i Arusha, Serengeti og Nairobi snakkar David flytande swahili. Det vil komma godt med når dei no skal etablera seg i Oman, der ein stor del av befolkninga snakkar swahili. Og engelsk.

Stabilt land

– Det er ein av fleire grunnar til at me velde Oman. For det første er dette ein ny plass for heile familien, det kjennest meir ut som eit fellesprosjekt for oss, enn om me hadde flytta til Afrika, som er mest som heim å rekna for David. Landet er moderne og velutvikla, og det er stabilt og trygt. Dessutan er det sentralt i forhold til dei afrikanske landa som me arrangerer turar til. Blant anna har Zanzibar vore ein del av Oman heilt fram til 1963, noko landet framleis ber preg av. Når det gjeld religion er Oman i stor grad prega av trusretninga Ibadi, som er ein moderat islamsk trusretning som i stor grad aksepterer andre religionar.

Oman er IWANNAGO sitt største satsingsområde. For få dagar sidan sente dei sine fyrste norske gjester på ein spektakulær tur til Muscat.

1001 natt

– Folk er nysgjerrig på Oman. Det er eit relativt nytt reisemål for scandinavarar og få reiseselskap i Norge tilbyr reiser. Mange turistar har oppdaga Dubai, men det er få som reiser over grensa til Oman. Difor er planen å tilby opplegget vårt til andre norske reisebyrå, i tillegg til å arrangera våre eigne turar. At me snart vil bu og jobba i Muscat, reknar eg som ein stor fordel, smiler David. Han held fram: Me har ikkje heilt bestemt oss for kor me vil slå oss ned, men det blir heilt sikkert ikkje i typiske bustadklynger med mange utlendingar. Me ønskjer å bu der dei lokale bur, og oppleva mest mogleg av det autentiske Oman, avsluttar David Lilleheim.

Mange vil påstå at Muscat med sine vakre strender, uendelege ørken, tronge gater og arabiske arkitektur, er det næraste ein kjem eventyra i 1001 natt.

Publisert: