73 åring frå Rennesøy til topps på Kilimanjaro

Fredag 27. januar var det seks rennesøybuar som stod på toppen av Kilimanjaro, 5895 meter over havet. Blant dei var 73 år gamle Sigve Haugvaldstad frå Galta på Rennesøy.

På toppen av Kilimanjaro. Bak frå venstre: Chris, David Lilleheim, Stein Erik Johannessen, Thomas Gangenes, Sigve Haugvaldstad, Julian Gamman, Ståle Andresen, Suitbet, Amadeus. Frå venstre i midtre rekkje: Anja Johnsen Gangenes, Benedikte Granberg, Therese Ovidie Amundsen, Bente Serigstad og frå venstre framme: Cathrine Einrem, Ragnhild Nilsen Roaldstad, Bjørn Inge Roaldstad, Angela, August, Line Berg, Isaac, Augustine.
Publisert:

RENNESØY: -Det var blant dei hardast turane eg har vore med på, men eg kom meg opp, seier Haugvaldstad til Øyposten.

Det var David Lilleheim i reiseselskapet IWANNAGO på Rennesøy som arrangerte turen.

Haugvaldstad er full av lovord både over turopplegget og reiseleiaren.

-Det var ein flott tur, og Lilleheim var ein makalaus reiseleiar, slår han fast.

Det er første gong 73-åringen frå Rennesøy har vore på Kilimanjaro, men det er ikkje første gong han har vore i Afrika.

-Eg har vore på safari i Tanzania før, opplyser han.

Turen til topps på Afrikas høgaste fjell tok til saman seks dagar, tur-retur toppen. På toppen var det minus 15 kuldegrader, og såpass kaldt at vatnet dei hadde med seg fraus.

-Me overnatta i kvar vårt telt på veg opp og ned.

-Fekk du sova?

-Ikkje alltid, for teltet stod ofte litt på skrå, og då havna eg som regel i eine hjørnet av teltet, seier Haugvaldstad.

Men han leid inga naud, seier han. Maten var kjempegod, og lokale folk sprang framfor dei og diska opp med mat.

-Har du planar om fleire turar?

-Me har snakka om ein tur over Handangervidda eller kanskje gå pilgrimsvegen til Santiago de Compostela i Spania, seier den turglade rennesøybuen.

I tillegg til Haugvaldstad var også Bjørn Inge Roaldstad, Anja Johnsen Gangenes, Thomas Gangenes, David Lilleheim og Tom Egill Tobiassen, alle frå Rennesøy med på turen. Totalt var det 15 stykk med på reisa.

-Det var ein flott gjeng, alle jobba saman, skryt Haugvaladstad. Etter at dei kom ned var dei på safari og såg både løver, sjiraffar, elefantar, gnu og store flokkar med sebra.

-Det var ei stor oppleving, slår han fast.

Video frå turen kan du sjå her:

https://vimeo.com/796551837?fbclid=IwAR3wdGDp-BoeyHAo-fOp9lJG15J20ofaS1kWTd3TUSn0F7SRQPzpyvc048M