Gamle tradisjonar har blitt ny trend

Matauke i eigen hage har blitt ein populær hobby. Influensarar og populære hageprogram på fjernsynet har gjort at stadig fleire går tilbake til røtene og hentar fram sin indre gartnar.

To generasjonar på Gard gartneri, John t.v og Jostein. Jostein har gått ned i 100 prosent stiling etter han blei pensjonist og John overtok drifta for 2 år sidan.
  • Oddbjørg Måland
Publisert: Publisert:

Både pandemien og Ukraina-krigen har vore med å bygd opp under denne trenden. Folk har sett kor sårbart matsystemet er, og det har gjort oss meir opptekne av å produsera reine og økologiske grønsaker til eige bruk.

Hageprogram sett dagsorden

John Gard på Gard gartneri på Talgje er ein av dei som merkar denne nye trenden tydeleg.

Urter er takknemlege vekster.

– Ja, det er faktisk slik. Spesielt etter det populære hageprogrammet Tid for hage som går om tysdagane, merkar me allereie dagen etter at kundane spør etter planter som er brukt i programmet. Det er ikkje tvil om at programmet fengjer og har fått fleire interesserte i hage. Eigentleg burde me hatt oversikt over programinnhaldet før sending, slik at me alltid har alle sortane inne, det hadde vore fint. Programmet er diverre inne i siste sesong, smiler John Gard.

– Kva er det folk helst vil ha?

Populære klassikarar

– Heilt klart går det framleis mest av tradisjonelle sommarblomster, dei vanlege klassikarane som går igjen frå år til år. Når det gjeld inneplanter er det verd å merka seg at gamle, trauste planter som «alle» hadde i stova før i tida, kjem tilbake igjen, men gjerne med nytt namn. Plantene kom oftast som avleggarar frå naboen. Til dømes er praktspragle ein slik blomst som har gjenoppstått, blitt populær og «skifta» namn til Coleus, som er det latinske namnet. Det same er tilfellet med Monstera, som med dei store, karakteristiske blada har blitt eit stilikon i interiørsamanheng og på Instagram. I gamledagar heitte planten vindusblad.

Gamle planter er tilbake som aldri før.

Magnolia og Japansk kirsebærtre er to blomstrande blikkfang som mange har fått auga opp for. Sjølv blant alle dei andre flotte blomstene i gartneriet, skil dedsse to seg ut i megda.

– Det er særs flotte tre. Dei blomstrar på denne tida, men ikkje særleg lenge, mellom ei og fire veker tidleg i sesongen. Dei krev regelmessig stell og må passast på. Til gjengjeld får du eit prakt-tre som er fort blir wow-faktoren i hagen.

Lett å lukkast med grønsaker

Influensaren, eller greenfluencar, som Dennis Asbjørnsen likar å kalla seg, er ein annan som set dagsorden hjå John på gartneriet.

Mange kjenner han som eigar av Noregs største kjøkenhagekonto på sosiale medium og forfattar av boka Spiselig hage.

Japansk kirsbærtre

– Asbjørnsen funkar litt på same måte som Tid for hage. Når han vore ute og sagt noko, vil folk gjerne gjera like eins. Dyrk sjølv-trenden som blei spesielt tydeleg under pandemien, ser ut til å fortsetta i uforminska styrke. Det verkar som fleire og fleire ser nytteverdien og den kjekke utfordringa som følgjer med å laga sin eigen kjøkkenhage. Dei enklaste sortane kan du dyrka kor som helst – i kjøkkenvindauget, på terrassen eller i hagen.

– Og kva er dei enklaste sortane?

– Det er mange, men reddik er ein av dei, salat, spesielt rucola og spinat, gulrot, jordskokk, oregano, sukkererter, vårløk. Det er heilt sikkert mange fleire enkle sortar og. Det er berre å prøva seg fram, det er lett å lukkast.

Ein av årets nyheiter i gartneriet er remonterande hortensia. Det vil sei at blomsten blomstarar fleire gonger gjennom sesongen, og heilt til frosten kjem.

Magnolia

– Det er fyrste gong me har denne blomsten og me veit ikkje heilt korleis det vil gå. Men førebels ser det svært lovande ut. Den er kraftig og i god vekst. Eg har tru på den kan bli ein ny favoritt blant sommarblommane i åra framover, avsluttar John Gard.