Etter opphald på Stavanger universitetssjukehus blei ei eldre dame frå Rennesøy overført til ein av byens sjukeheimar. Kort tid etter blei ho flytta til ein annan sjukeheim, og kort tid etter det igjen måtte ho motvillig over til ein tredje sjukeheim.

Politikar Tina Nådland (A) har fått historia frå dottera til den eldre dama.

– Dottera fortel at flyttinga mellom tre sjukeheimar skjedde innanfor ein kort periode på tre til fire veker. Mora opplevde det som veldig belastande og vondt. Familien uttrykker stor frustrasjon, seier Nådland.

Ingen av dei tre sjukeheimane var i Rennesøy kommunedel. I Vikevåg er det venteliste, og familien har fått beskjed om at det kan ta litt tid å få plass der.

– Det beste er sjølvsagt å få sjukeheimsplass i eigen kommunedel, når ein ønskjer det. Det kan opplevast som mykje tryggare, og det gjer det ofte lettare for familie og vener å koma på besøk, seier Nådland.

– Å bli ein kasteball er uansett ikkje bra, legg ho til.

Nådland har sendt inn spørsmål om saka til utval for helse- og velferd og ventar svar frå kommunedirektøren i neste møte 12. mars. I innspelet skriv ho:

«Mitt spørsmål til administrasjonen er om det er vanlig praksis med så hyppige forflytninger mellom sykehjemmene? Og hva kan gjøres for at andre ikke kommer i samme belastende situasjon?»