Skulebarna fekk full fart på solidaritetsaksjonen

Det var bortimot fullstappa gymsal under årets solidaritetsaksjon på oppvekstsenteret på Sjernarøy.

Dans på scena var eit av innslaga under solidaritetsaksjonen på Sjernarøy.
Publisert: Publisert:

SJERNARØY: Årets solidaritetsaksjon gjekk inntekt til Redd Barna.

-Elevane har hatt oppmerksomheten om spesielt fire land; Hellas, Spania, Columbia og India, forklarer assisterande rektor Alice Helgøy til Øyposten.

Lillian (t.v.), Iselin, Wiktoria, Lilly, Jakob, Maggie og Malin var blant dei som stod for kakene, saman med lærarane Jarand, Hanne og Michelle.

I tillegg hadde barna saman med lærarar baka kaker til «den store gullmedaljen», som blei servert under arrangementet, kor også barnas favorittmat; pølser og hamburger stod på menyen.

I tillegg å dansa på scena og syngja abc-sangen, både på norsk og engelsk, presenterte elevane det dei hadde funne ut om dei ulike landa, og barna sine rettigheter.

Elevane hadde som oppgåve å presentera landa dei hadde lært om. Her er gruppa som har lært om Hellas framme på scena.

Det var også tv-innslag, vist på storskjerm, kor elevar på oppvekstsenteret med både humor og alvor opplyste om formålet til organisasjonen Redd Barna.

Kanskje den mest sjarmerande replikken der var;

-Redd Barna skal redda barna !

ABC-songen blei framført med stor iver, både på norsk og engelsk.
Det var laaang kø ved kakebordet, kor mellom anna assisterande rektor Alice Helgøy serverte.