– Me er stolte av å annonsere etableringa av Green Mountain Community Support Fund, skriv marknadsførar Pernille Lier Bjørnstad i Green Mountain i ei pressemelding.

Selskapet har datasenter på Rennesøy, Rjukan, Enebakk og Hamar. Målet med fondet er å gje noko tilbake til desse samfunna som har vore ein viktig del av Green Mountain sin suksess, går det fram.

For 2024 har dei sett av 500.000 kroner som skal gå til lokale aktivitetar innan idrett og kultur for barn og unge. Søknadsfristen er 31. januar, og søknadsskjema finn du på Green Mountain sine nettsider.

Frå før er selskapet med base i Hodneveien ein av sponsorane til Mastra IL.

– Me støttar i hovudsak lag, klubbar og foreiningar som bidreg til eit godt tilbod til barn og unge, men kan òg vurdere å støtte einskildpersonar som jobbar fram mot eit spesifikt mål som er idretts- eller kulturrelatert, skriv Green Mountain.

Dei er spesifikke på kva dei ikkje støttar:

– Me ønskjer ikkje å sponse russebussar, klasseturar, aktivitetar for vaksne og andre tiltak som ikkje fyller kriteria våre.