RENNESØY: Etter å ha gått ein ny runde landar direktøren på same konklusjonen som sist. Avfallstasjonen på Hausken på Rennesøy blir avvikla.

Saka var til politisk behandling i går i Stavanger, og Frps Tor Bernhard Harestad varslar at han kjem med forslag om å behalda avfallsmottaket.

-Eg er temmeleg sikker på at det får fleirtal, seier Harestad. Saka kom opp til avstemming etter at Øyposten gjekk i trykken.

Kommunedirektøren viser mellom anna til at avfallsanlegget er lite besøkt, i gjennomsnitt er 15 personar innom kvar gong mottaket er åpent. Dessutan blir det mottak av hageafall frå hushaldningar der kvar vår og haust «når dette avfallet oppstår i større mengder».

Det blir også vist til at Stavanger tilby Stavangers beste ordning for å bestilla henting av avfall, som i tillegg er ei betre ordning enn det Rennesøy kommune hadde, ifølge Stavanger kommune. Å rusta opp mottaket til same standard som bossplassen på Judaberg vil kosta vel ein million kroner i driftsutgifter i året, ifølge kommunen.

Det var Frp som tok saka opp i kommunestyret i ein interpellasjon kor ei rekke problemstillingar blei reist. Mellom anna faren med at lause gjenstandar kan ramla av lasset, viss avfall skal fraktast gjennom tunnellane, og risikoen for auka forsøpling ved at avfall ikkje blir levert. Til det svarar direktøren at all last skal sikrast forsvarleg, og at det er forbudt å forsøpla naturen.

Kommunedirektøren går heller ikkje med på at det er ei «urettferdighet» i at tilbudet blir lagt ned i Rennesøy, sidan kommunen meiner at tilbudet i praksis blir betra etterkommunesamanslåinga.