-Dette klenodiet skal bare stå til pynt

Bertel Gard frå Talgje trudde knapt sine eigne auger då Arild Flesjå kom trillande inn på tunet med den nyrestaurerte og skinande blanke Tempo-motorsykkelen hans frå 1938.

Bertel Gard får forklart finessene med sykkelen av Arild Flesjå, som har sett han i stand.
Publisert: Publisert:
Denne artikkelen er over ett år gammel

TALGJE: Det er mange år sidan Bertel Gard fann to gamle motorsyklar i ei løe på Eiken. Den gong var syklane bortimot bare to skraphaug. Løa tilhøyrde to onklar av kona, og Gard fekk lov å ta dei med seg heim.

Der kontakta han Arild Flesjå på Finnøy, for å høyra om tusenkunstnaren var mota på å prøva å setja sykkelen i stand igjen. Flesjå sa ja, og gjekk i gang. Det var for 10 år sidan, minst.

Sykkelen på plass i kvilebua på Talgje. Her skal han få ein god heim.

Sist veke overraska han Bertel Gard med å koma køyrande på motorsykkelen inn på tunet hans på Talgje.

Det var ein himmelfallen eigar som fekk overrekt sykkelen.

-Dette er ikkje til å tru, utbryt han.

Det gamle setet var ikkje rare greiene, men ein sadelmakar har sydd nytt.

Bygd opp på ny

Arild Flesjå har omtrent plukka sykkelen heilt fråkvarandre og bygd han opp på ny. Nå skin han som ei sol i krom og blank, svart lakk. Kor mange timar han har lagt ned for å få sykkelen opp og stå igjen, er det ikkje tal på, men det er mange. Fleire av delane måtte lagast på nytt, eller bestillast frå Tyskland. Ein sadelmakar har sydd eit flott nytt skinnsete, etter modell frå originalen, som bare var ei tynnsliten skinnflysse.

Det er ein Sachs-motor, 98 kubikk som står i sykkelen.

Sachs-motor, 98 kubikk. Difor må sykkelen reknast som ein motorsykkel, og ikkje ein moped.

-Men det er ikkje rare krafta i han. Difor har sykkelen eit ekstra par trøer, slik at du kan trø han opp bakkane, forklarer Flesjå, som viser Bertel Gard ulike finessar som skal til for å få sykkelen til å sviva.

Einaste litle skåret i gleda er at pæra i lykta ikkje virka denne dagen, for det gjorde ho dagen før. Men Arild Flesjå lovar at han skal sjå nærare på problemet.

Lykta er blank og fin, men dessverre virka ikkje pæra denne dagen.

Må ikkje ut i regn

Også kona til Bertel Gard, Ingrid, kjem ut for å sjå på vidunderet.

-Eg kan ikkje hugsa sykkelen heimanfrå, men han er blitt veldig fin, skryter ho.

Berterl Gard tek Arild Flesjå i handa, full av takk for jobben, mens Flesjå gir Gard ei lita formaning.

-Du må lova å aldri ta han ut når det regnar, og tørka av han med ein støvklut inn imellom, seier han.

Det lovar Bertel Gard høgtidleg, som legg til:

-Han skal bare stå til pynt, i kvilebua mi.

Sykkelen er av merket «Tempo», og er laga på Jonas Øglænd-fabrikken i Sandnes i 1938. Girstanga på sida av bensintanken har tre posisjonar, første, nøytral og andre gir.
Publisert: