Planane for aktivitetsparken, slik han foreløpig er skissert.

Om 20 år er me sannsynlegvis 5000 innbyggjarar i kommunedelen. Då treng skulen ny utviding, og den mest naturlege tomta til det er Ryggjabø-tomta.  Då MÅ me ikkje laga aktivitetpark på denne tomta nå. Det er også eit veldig fint parkområde for Judaberg sentrum.,

Bygg heller parken på den ledige tomta ovanfor Ola Steinar sine "naust". Det vil  gjere Judaberg sentrum finare og meir brukarvennleg.

Legg om vegen langs kanalen og lag park av resten. Det trur eg grunneigarane vil lika.

Lag parken med små grøne "lunger" slik at foreldre og andre kan passa på og kosa seg saman med barn og unge. I tillegg kan desse områda brukast av bebuarar på sjukeheimen. Det vil vera eit fint fritidstilbod til eldre.

Det gamle postkontoret vil passa utmerka til ein liten kafe heilt i sjøkanten. Det kan då vera uteservering på brygga og i utkanten av parken. Det må kunne gå en å ha fleire tankar i hovudet samtidig. Det er ikkje for seint å snu heiter det i fjellvett reglane. Slik her også.

Judaberg 2. 05.22.

Kristian Spanne