Åtte vil ha jobben til Coop-sjefen på Finnøy

Då søknadsfristen gjekk ut sist fredag, 12.aug var det åtte som hadde søkt på stillinga som dagleg leiar på Coop Finnøy .

Sven Inge Goa har sin siste arbeidsdag på Finnøy 30. desember. Då har han vore Coop-sjef i fem år.
  • Oddbjørg Måland
Publisert:

FINNØY: Noverande leiar Sven Inge Goa takkar for seg etter fem år i jobben. Han har sin siste arbeidsdag 30. september.

– Me er i gang med utveljingsprosessen og håper ein ny leiar er veld ut i løpet av to til tre veker. Goa har lova å hjelpa oss i ein overgangsperiode til ny leiar er på plass, om nødvendig ut året, fortel Arne Bergøy, styreleiar i Coop Finnøy.

– Blir det vanskeleg å velja?

– Det er fleire aktuelle kandidatar, meir enn det kan eg ikkje sei akkurat no, fortel Bergøy