Fridtjov Furre, dagleg leiar i Sjernarøy Maritim

Denne påsken ser det likevel magert ut. Bare tre hytter er utleigde. Det betyr at 30 av dei 200 sengene som Sjernarøy Maritim har, vil ha overnattingsgjester denne påsken.,

-Før dette skjedde var det fullteikna her i påsken. Då skulle me også servert komler og arrangert påskedans. Begge deler er avlyst, seier Furre som håpar at myndighetene vil stillla opp med hjelp til reiselivsbedrifter som hans.

Fiskefestival også i år

Furre har tilbydd gjester som avbestiller å få overført bestillinga si til neste år.

-Ei gruppe tyskarar som var venta nå, sa ja til det.

-Korleis er det her neste år, trur du?

-Fullt kjør. Boka er snart full for neste års sesong, seier Fridtjov Furre optimistisk.

Det er stor usikkerhet framover, men fleire store bestillingar i sommar står fortsatt ved lag.  Eit større arrangement med 120 gjester i sommar er ikkje avbestilt, det er heller ikkje eit stort bryllup med 120 gjester i august. Og den årvisse fiskefestivalen i juli står forsatt på programmet. Det kjente band’et Åsmund Åmli Band, kjent blant anna frå Norsktoppen, er booka inn.

Må til Fridtjov

Familiane Jensen og Geliassen frå Hundvåg og Buøy er mellom dei påskegjestene som har sjekka inn på Sjernarøy Maritim, også denne påsken.

-Me har vore her i 15 år. Det er ein fantastisk plass, ungane stortrivst her. Dei får vera med på lemming og me kan dra ut og fiska. Det er ingen ting som kan måla seg med ein ferie hos Fridtjov, meinerTone Geliassen frå Hundvåg.

På garden har han også eit av dei større hyttefelta i øyane med 49 hytter.

-Det er ikkje ein bil der nå. Eg skjønar ikkje kvifor folk blir bedt om å ikkje reisa på hytta, mens det er heilt i orden å reisa ut i ein trang båt. Smittefaren er vel mykje større der, meiner Furre, som ikkje kjøper argumentet om at hytteturistar vil vera ein trussel for Ryfylke legevakt.

-Så akutt sjuke blir ikkje folk. Dei kan reisa med ferja og hentast med sjukebil på Judaberg, viss det hastar, meiner Furre, som tykkjer oppfordringa om å ikkje reisa på hytter i Ryfylke utan fastlandsforbindelse er alt for strengt.

-Det er trass alt stor skilnad på her og Hafjell, meiner han