Koronasituasjonen og redusert grensehandel har nemleg ført til større forbruk av mjølk og ost. Og etter at det såkalla forholdstalet for kor stor kvote mjølkebøndene kunne produsera i 2020 også vart sett ned like før årsskifte, er produksjonen redusert med heile 39,5 millionar liter mjølk dei fem første månadane i år. Det er meierisamvirket Tine som melder dette. Det saman med auka etterspørsel etter mjølkeprodukter generelt, fører difor til at bøndene igjen blir oppfordra til "å trø på (mjølke)gasspedala".,

Kvoteauke for 2. gong i år

Og det er faktisk andre gong i løpet av våren at mjølkebøndene blir bedne om å auka kvotane sine.

Den 2,.april vart nemleg kvotane auka med fem prosentpoeng, frå 0,96 til 1,01 i forholdstal. Måndag denne veka blei bondeorganisasjonane og staten einige om ein ytterlegare auke på fire prosent for å auka etterspørselen.,Styreleiar i Tine, seier til avisa Nationen, at ho trur dei skal klare å få opp mjølkeproduksjonen slik at dei kan dekka den auka etterspørselen. Men ho er likevel ikkje heilt sikker;,-Ja, eg håpar at me skal klara det. Dette er ein unik sjanse som mjølkebøndene no har fått til å auka produksjonen. Difor må me prøva å levera etter beste evne, der kvar produsent kan få til litt. Så til saman kan me få til mykje. Difor er eg også optimist og trur me skal klara dette, fastslår styreleiar Haugen.

Og om mjølkebøndene på dei grøne øyane i Ryfylke, enno har nok kyr att til å skru opp mjølkeproduksjonen sin, skulle dette saman med dei nærmast optimale forholda for siloslåtten så langt i år, gi eit godt grunnalg for at det likevel kan bli eit greitt år å framleis vera mjølkebonde på Ryfylkeøyane.

,Det ser også ut til at avskallinga av mjølkeprodusentar har flata ut akkurat her i distriktet. Det med bakgrunn i at det var svært få som hadde meldt inn at dei ville selja kvotane sine då den siste oversikten om kvotsalg blei offentleggjort like før årsskifte. Øyposten har tidlegare omtala dette i eiga sak.,-

Aldri sett slike grasavlingar

Pensjonert bonde, Gudmund Vestbø, var i nærmare 40 år såkalla forpaktar av prestegarden i Hesby på Finnøy. No er det sonen Geir Ove som har teke over drifta. Likevel er det eldstemann  som enno styrer forhaustaren frå førasete inne i Massey Ferguson-traktoren. Det i eit unikt sommarvèr som igjen kan gleda dei bøndene som enno ikkje har gjort unna 1. slåtten.

Og akkurat det å ha litt is i magen å drøya 1. slåtten akkurat i år, ser ut til å ha vore ei suksessoppskrift .,-Eg trur aldri eg har sett maken til grasavlingar både i kvantitet og kvalitet, smiler pensjonisten på 70 +, i det han stig ned frå førarhuset . Og han Gudmund veit nok kva han snakkar om ,etter å ha vore bonde i Hesby heilt sidan1974.,-Eg trur nok både det gode vèret, og ikkje minst desse avlingane, saman med utsikter til auka produksjon av mjølk, gjer sitt til at lokale bønder ser lysare på ting no enn berre for kort tid sidan. Då var det både koronapandemien og tøffe innskrenkingar i produksjonen som skapte stor usikkerheit, avsluttar Gudmund før han igjen hiv seg på ein ny runde med fôrhaustaren.