Terje Øvrebø, leiar i kommunedelutvalet i Rennesøy, varslar ny søknad om pol.

- Det er mange ting rundt rennesøydagen som er uavklart. Fyrst må me avklara om den i det heile tatt skal arrangerast, og av kven. I tilfellet ja, korleis skal det gjerast? Kva tid? Kven skal ha ansvaret? Kva med økonomiske midlar? Det er mange lause trådar som trengs å samlast. Saka skulle vore oppe i kommunedelutvalet no i desse dagar, men som mykje anna, blei møtet avlyst. I fjor var dagen langt på veg driven av politikarane, men i år er ikkje det aktuelt lenger. Me har tidlegare fått pengar og personell ifrå kommunen, men eg tvilar på at det blir slik no. Skal rennesøydagen gjennomførast er me avhengige av eldsjeler som tek ansvar for heile prosjektet, og som har eit godt gjennomarbeid program. Det har vore litt labert engasjement, og då nyttar det ikkje. Eit halvhjarta prosjekt blir aldri suksess

- Er det bekymringsfullt?

-  Eg trur i alle fall på sikt at Rennesøy bør ha sin eigen dag. Det har noko med å bygga fellesskap og identitet for folk i Rennesøy å gjera. Situasjonen i samfunnet, slik den er no, gjer det vanskeleg å legga store planar framover, seier Terje Øvrebø.