FINNØY

: Dette kan sjå ut som ei agurksak, for Henrik Halleland har ikkje meir enn halvanna mål med poteter. Men potetdyrking for salg er nå blitt så sjeldan kost i øyane at det likkevel er verd ein reportasje, også utanom agurktida.,

Etter at tidlegare Rennesøy-ordførar, nå varaordførar i Stavanger, Dagny Sunnanå Hausken i vår avvikla potetdyrkinga for salg på Mosterøy, er nå Halleland den einaste i bransjen, så vidt Øyposten kjenner til. Også han eks-ordførar, forresten, i Finnøy.

-Det er nok dei som dyrkar poteter til eige bruk, meg i farten kjenner eg ikkje til andre som dyrka for salg, seier Halleland til Øyposten.

Halleland sine poteter endar i gardsbutikken på Nærland. Til skilnad frå Sunnanå Hausken driv han ikkje med direktesalg frå garden på Vignes.

KrF-politikaren meiner det burde vera grunnlag for ein større produksjon av frukt og grønt i øyane dyrka på friland.

-Klimatisk er det gode forhold for det, og viss du kan selja direkte til forbrukar blir lønnsomheten betre enn å gå via ein grossist, seier han.

-Fleire gardsbutikkar, altså?

-Ja, gardsbutikkane kan stimulera til auka produksjon, og også på skular, sjukeheimar og barnehagar bør det vera eit mål med mest mulig lokalprodusert mat, meiner han.

Halleland har tatt opp igjen potetdyrkinga etter ein pause på nokre når. Han har prøvd seg med fire ulike sortar i år, og synes sorten "Nansen" ser mest lovande ut når det gjeld avling. Han har også rydda og klargjort ein gammal jordkjellar på garden for lagring av poteter.

-I tider som desse må me i alle fall dyrka våre eigne poteter, oppmodar Henrik Halleland.