Tredje slåtten var rik på protein, opplyser Norsk Landbruksrådgiving Rogaland (NLR).

ROGALAND: Det kan sjå ut til at andre- og tredjeslåtten i Rogaland vart hausta tidlegare når det gjaldt utviklingstrinn i fjor. Det gir utslag på surfôrprøvar i form av lågare fiberinnhald, men høgare energiverdi, skriv Bondevennen.

Proteininnhaldet (råprotein) er høgare enn i fjor, på alle dei tre slåttane i Rogaland fylke. Årsaka kan vera til dømes haustetidspunkt, gjødsling og vêret. Opplysingane kjem frå Norsk Landbruksrådgiving Rogaland (NLR).

NRL opplyser vidare at resultata er positive, når det gjeld det å gjera seg mindre avhengig av importert proteinråvare.

Snittet i fôrprøvane er på rundt 155 gram råprotein, per kilo med råstoff. Det er innanfor det ønska nivået, som er 140-160 gram per kilo tørrstoff, skriv Bondevennen.

Energikonsentrasjonen frå 520 førsteslåttprøvar var i snitt på 0,88 FEm (fôrenheter) per kilo.

Surfôr er grovfôr sammenpakka og konservert form, anten i rundballer eller i silo.