18 påkjørsler av vilt i øyane hittil i år

Det har vore 12 påkjørslar av vilt på Mosterøy, Sokn, Åmøy og Rennesøy, og seks påkjørslar i Sjernarøyane og på Ombo hittil i 2021, melder Hjorteviltregisteret.

Kartet viser talet på påkjørslar av vilt i området.
Publisert: Publisert:
Denne artikkelen er over to år gammel

FINNØY-RENNESØY:

Det er særleg langs hovudvegane i Rennesøy kommunedel av påkjørslane skjer. Det gjeld E39, langs Åmøyveien og langs Hanasandveien. I fleire tilfelle måtte dyra avlivast etter påkjørsle, eller er blitt drepne på staden eller funne døde etterpå.,

 Varselsskilt på Rennesøy.

I Sjernarøyane har det skjedd to påkjørslar langs hovudvegen på Nord-Talgje, mens ein av påkjørslane på Ombo skjedde på vegen frå Eidssund mot Jørstadvåg og fire på vegen frå Eidssund mot Skipavik. I alle tilfella enda det med at dyret blei drepe på staden eller avliva etterpå.

Dei fleste ulykkene skjer mellom klokka 07.00 og 08.00 om morgonen, og etter klokka 17.00 og fram mot midnatt. Generelt skjer fleire av dei meir alvorlege ulukkene skjer om hausten og ut over vinteren.

Viass du vil klikka deg inn på Miljødirektoratet sitt Hjorteviltregister, og sjå nærare kva som har skjedd, kan du gjera det her:

Fallvilt Innsyn - Hjorteviltregisteret

Publisert: