Vaksinebussen dukkar opp igjen i morgon og torsdag på høvesvis Judaberg og i Vikevåg. |Berit og Kjell Sevheim var blant dei mange som møtte fram for å bli vaksinert.

FINNØY:

Det er eit kjempe tilbud, synes både Kjell og Berit Sevheim frå Finnøy. Dei var blant dei mange som møtte fram då vaksinebussen kom til Judaberg mandag morgon.,

-Det er"hål i håve" å venta at dei eldre skal rota rundt på Tjensvoll for å få vaksine. Dessutan skal det vera langt å gå frå parkeringsplassen, og ikkje alle eldre er like spreke, påpeikar Kjell Sevheim.

Berit og Kjell Sevheim var blant dei mange som møtte fram for å bli vaksinert. Foto: FOTO: Rune Nedrebø

Ektreparet synes likevel at informasjonen om koronabussen kunne vore betre, både når det gjeld når bussen kjem og kven som kan få vaksinen.

-Trur de det hjelper med dose nummer tre?

-Me håpar det, me får tru på dei som har greie på det, seier Berit Sevheim.

Vaksinebussen kjem til å stå på Judaberg heile mandagen fram til klokka 14,30, og kjem tilbake i morgon, tysdag og blir ståande frå 09.00 til 11.30. Deretter fer han til Vikevåg, kor han blir ståande fram til 14.30. Bussen kjem tilbake til Vikevåg fredag 12. november, og vil då stå heile dagen frå 0900 til 14.30.

Det er bare å møta opp ved bussen, men for dei som skal ha dose nummer må det ha gått seks månadar sidan dose nummer to og minst ei veke sidan influensavaksinen. Det siste gjeld også for dose ein og to. Dessutan er det viktig å ha med legitimasjoin med bilete.