Det meste av onsdagen låg reserveferja Hardingen til kai på Judaberg med tekniske problem.

FINNØY:

Det var på onsdag alt skar seg. Reisande i finnøysambandet fekk store utfordringar med å komma seg til og frå, ettersom det var berre ei ferje i rutetrafikk.,

Situasjonen var slik at ferja Hardingen måtte settas inn som reserveferje for Fedjefjord, som allereie var reserveferje for Sjernarøy. Problema byrja då også Hardingen fekk utfordringar med hydraulikken til baugane. Då dette var utbetra, oppdaga mannskapet at fall-lemmen rett og slett ikkje passa til ferjestøa.

– Var ikkje det noko Norled burde ha sjekka før ferja blei sett inn i rutetrafikk?

– Kapteinen kom ikkje på at det kunne vera eit problem. Ferja har trafikkert i sambandet tidlegare, men låsehakene har blitt flytta på sidan sist. Dermed måtte dette endras slik at fall-lemen kan treffe rett plass. Deretter tok ferja ein prøvetur til alle kaiane for å forsikra at alt passa saman, fortel Annette Røberg, driftsleiar for ferjene i Rogaland i Norled.

Rute 2 gjekk som normalt heile onsdagen.

https://www.oyposten.no/2021/10/08/reserveferje-harding-ute-av-drift-igjen/

Manglande informasjon

Øyposten fekk meldingar om lastebilar og vogntog som blei ståande på øyane i mange timar før dei kom seg til Judaberg. Frustrerte foreldre opplyste om born som sto akterutseilte på kaia og ikkje kom seg heim.

– Ungane blei henvist til ei ferje som låg til kai men ikkje var i trafikk. Utover det fekk dei ingen informasjon. Enden på visa var at eg måtte reise over å henta ungane med eigen båt. Eg forstår ikkje kvifor Norled ikkje sett inn ein passasjerbåt når slike ting skjer. Dei har eit transportansvar og då kan dei ikkje utan vidare setta igjen passasjerane på kaia, fortel ein av våre lesarar.

Det blei sett inn hurtigbåt frå Helgøyskyss, opplyser driftsleiaren.

– Dette er sjølvsagt ingen ønskesituasjon for nokon. Det er utfordringar over heile landet akkurat no ettersom me ventar på nye ferjer fleire stader. I Finnøy er folk godt vane for ferjene me har hatt i dette sambandet har vore svært pålitelege, og slik vil det forhåpentligvis bli igjen når dei to nye ferjene settes inn, seier Røberg.

Tidlegare fredag fortsette dei tekniske problema for Hardingen, som difor låg store deler av dagen til kai på Judaberg.

Går alt etter planen skal «Ombo» inn i rutetrafikk i finnøysambandet på nyåret.