|

Me sitt rundt kjøkkenbordet i Hedlehaugen 4 på Mosterøy, og eg lurer på kva det var som gjorde at ho starta med ishockey.,

- Eg har alltid likt å gå på skøyter, og rett etter jul i fjor starta eg på skøyteskule i byen. Og pappa sa han kunne køyra meg til trening, så då begynte eg der.

- Så kom et ein finsk trenar og sa at han aldri hadde sett nokon som gjorde så raske framsteg, og han ville ha Malin med på ishockey i Oilers, fortel mamma Lena.

- Og så har onkel spela på Oilers. Han heiter Børge Myrnes, og han synest det er skikkeleg kult at eg er med på hockey, smiler Malin.

To gonger i veka, kvar måndag og torsdag pakkar ho den tunge bagen med utstyr og køyrer saman med pappa Lars Jøran Flesjå til Siddishallen i Stavanger. Malin spelar på eit lag saman med 20 andre jenter i alderen 11-12 år. Pappa ser ofte på treninga, eller tek seg ein spasertur rundt Mosvatnet medan han ventar.

- Først har me oppvarming, der vi går fort på skøyter fram og tilbake. Så er det sånne stasjoner der me gjer forskjellige øvingar.

- Kva då?

- Me kan føra pucken mellom kjegler og så skyta, eler me kan kjempa to og to om pucken, der den som vinn får skyta og de andre må vera forsvarar. Når me er ferdig med det, får me spela. Det er det kjekkaste med heile treninga, seier ho.

I Siddishallen er ein måndag kveld er det fire årskull på trening. Ute på den nypreparerte isen driv rundt 25 jenter med oppvarmingsøvingar. Lagleiar Charlotte Knedal Jensen har sjølv ei jente i denne aldersgruppa.

- Denne klubben var tidleg ute med jentehockey, og me har nok eit forsprang på resten av landet når det gjeld rekruttering og tilbod.

Ho trur mykje av årsaken ligg i Hockeyskulen, der ungane kan starta tidleg med skøytetrening.

- Det var slik Malin starta. Me blei svært godt teke imot, og fekk låne gratis utstyr på første trening. Malin likte seg frå første dag, fortel pappa.

Ishockeyspelarar har sine roller og Malin si er som back. Det likar ho godt, og ho har allereie ei klar forståing av kva ho skal gjera, sjølv om ikkje alle reglane sitt heilt ennå.

- Eg skal passa på dei andre, slik at dei ikkje får pucken og kan scora.

- Klarer du det?

- Ja, eg presser dei bort med kroppen. Då må eg vera litt sterk.

- Kva skjer viss du blir liggande litt langt frå motstandaren?

- Då blir eg litt stressa. men eg er ganske rask på skøytene, så då går eg berre ekstra fort.

- Korleis har det gått i dei kampane du har spela?

- Ein gjekk ganske bra og ein gjekk dårleg.

Når ho ikkje er på hockeytrening i byen, går  Malin i 7. klasse på Mosterøy skule. Neste år skal ho starta i ungdomsskulen. Før dreiv ho i et par-tre år med dans, og så har ho drive litt med riding og spela litt fotball for Mastra IL. Ho har mange vener der dei bur, og dei er ofte ute og badar i Hellesvik eller er inne hos kvarandre og ser ein film. Favorittfag på skulen er naturfag og gym.

Malin sitt lag spelar i ein serie mot gutar, men årets kampsesong er enno ikkje starta.

- I sommar har me trena på rulleskøyter, så me er akkurat no flytta ut på isen. Det er så kjekt! Og litt rart når det er ei stund sidan sist. Eg trur eg kjem til å halde på med hockey i mange år.