|

Men så var det slik, då – at han var så ivrig at han let seg engasjera i saker av politisk art, og vips, så visste alle kven han er. I alle fall dei fleste på Judaberg. Og i alle fall etter ein vår der Øyfast-debatten har vore gloheit.,

-Eg ville berre ha eit ord med i laget, seier han – ikkje for siste gong i dette intervjuet.

-Korleis starta det?

-Det starta vel med ein heilt vanleg samtale blant vener, der me snakka om pendling, eller fritidstilbod, eller korleis det ville bli når Finnøy skal inn i Stavanger. Kven er det som jobbar med desse spørsmåla? Korleis kan me få fram det me meiner, me vanlege folk? tenkte eg.

Lenge før Imsland tenkte dette, var han berre Svein Terje frå Tjensvoll, der han vaks opp på 1970-talet og budde til han møtte kona og flytta til Sola. I oppveksten var han ein ivrig turnar heilt til skadane stoppa han. Han var leiar for ein kristen ungdomsklubb, sjølv om han ikkje er akkurat brennande i trua. Han traff Cathrine frå Tananger, som var vokalist i eit band der bestekompisen til Svein Terje var trommis. Svein Terje utvikla ei plutseleg interesse for øvingane deira og var verdas ivrigaste umusikalske kaffikokar. I juni feira han og Cathrine bryllupsdag nummer 21.

-Då eg var gutunge såg eg nok ikkje så langt fram. Mor og far meinte eg skulle satsa på noko trygt, så eg utdanna meg til rørleggar. Ta eit fagbrev!, sa dei – og det gjorde eg. Eg er jo glad i mor mi og far min. Det var greit å ha eit fagbrev.

-Kva seier du til dine eigne ungar?

-Me seier at dei skal lytta til eigne interesser.

Oljebransjen var målet. Der var det gode jobbar og pengar, og Svein Terje gjekk offshore og jobba turnus heilt til ungane kom. Familien tel tre ungdommar på 16, 18 og 21 år.

-Det er nok med tre som no snart er vaksne. No gler me oss til barnebarn.

Men då ungane kom, gjekk han på land for å prioritere familielivet og ha ei meir regulert arbeidstid. Sidan gjekk han frå rørleggaryrket til administrative jobbar – som verneinspektør, som innkjøpsansvarleg.

I dag er arbeidsgjevaren Rosenberg Worley AS, men akkurat no er han leigd ut til Equinor.

-Det er ein rein kontorjobb. Eg forhandlar med leverandørar og er med på å koordinere innkjøp, og det er ein jobb eg trivst godt med.

Trivsel er eit godt stikkord akkurat her i intervjuet. Kolon:

-Eg synest nesten dette er litt flaut.

-Det høyrast lovande ut...

-Du hugsar tv-serien Himmelblå?

-Den handla jo om livet på ei øy. På landet. Utan stress og trafikk. Det gode liv. Me budde då i eit tett nabolag på Sola. Du måtte dra ned gardina for at naboen ikkje skulle sjå rett inn til deg. Cathrine og eg er ganske sosiale av oss, men me kjende at me trong litt luft, kan du seie. Så ein dag fann Cathrine eit flott hus på Finnøy. Finnøy! Er du seriøs? Ute i havgapet?! Men bildene var flotte og me gjekk på visning på årets finaste dag, med sol og sommar og fuglekvitter. Og så var det båtplass å få kjøpt med huset.

-Var det mykje båt på Tjensvoll?

-Men me var ofte på fisketur. Båtlivet er fantastisk, fortel Svein Terje, med gutunge i blikket.

-No har me ein 19 fot skjærgårdsjeep som me freser rundt med. Går i land på holmane og griller, badar eller tek ein tur inn Lysefjorden.

Han skulle nok gjerna hatt meir tid, men så var det desse politiske meiningane, då. Engasjementet om bompengar gjorde at han og Cathrine blei intervjua i Øyposten hausten 2018. Og så fekk ho ideen om ei Facebookgruppe, «Øyboere i Nye Stavanger», som skulle vera ein arena for folk sine meiningar. Den voks raskt til nesten 1000 medlemmar.

-Det skulle vera ein arena for vanlege folk, der me kunne diskutera og stilla spørsmål. Den blei stor, mykje større enn me hadde trudd. Me trudde vel at me laga noko for vener og kjente, men det tok heilt av.

-Debatten også?

-Ja, engasjementet var mykje større enn me venta oss, og me blei overraska over at det var så mykje sinne der ute blant folk. Me skjønte heller ikkje at det er ein kultur i Finnøy for ikkje å snakka om det som er vanskeleg, og ikkje kjende me til at det er ein krig mellom øyane.

-Kva tenkte du då debatten tok av?

-Wow! Kva er det som skjer? Me fekk den rett i fleisen. Og det blei ei ganske stor belastning. Det har kostet mykje krefter. Me måtte bruka ettermiddagar og kveldar til å prøva å styre debatten, noko me ikkje var førebudd på i det heile.

-Det har roa seg litt no?

-Ja, og det er godt med ei sårt etterlengta pause. Det fine er et me har fått fram folk sine meiningar og behov. Og så tenker eg at det er lov å vera usamd, også i Finnøy.

-Kva misjon har gruppa?

-Fleire tør ytra seg og det er bra for demokratiet.

For Svein Terje Imsland førte Øyfast-debatten til noko uventa. Han blei med i FNB - «Folkeaksjonen nei til meir bompenger», og står på deira liste til kommunevalet til hausten.

-Det hadde aldri falt meg inn å engasjera meg politisk. Eg har stemt, men ikkje meir. Men eg ser at eg finn ut at politikk faktisk er kjekt og lærerikt, så eg hoppar i det. Dette er jo eit resultat av at me har engasjert oss.

-Hadde du sett deg sjølv i ei slik rolle?

-Nei, men det er storveis. Eg hoppar i det og synest det er spennande, og så trur eg vel ikkje at eg kjem inn i det nye kommunestyret frå min 13. plass på lista. Likevel er det interessant å få komme med innspel, tips og råd til politikken vår. Framleis handlar det for meg om å ha eit ord med i laget.

Og det ser det ut som om bompengeaksjonen kan få. Det går godt på meiningsmålingane.

-Jo, men det er valet som tel.

-Og no er du klar for valkamp?

-Ja, eg håper eg får med meg nokre andre, slik at eg slepp å stå aleina på stand på Judaberg.

-Gler du deg?

-Eg gruar vettet av meg! Det er med skrekkblanda fryd eg går inn i dette. Eg har jo aldri vore med på noko slikt. Men eg får høve til å lera mykje og eg får vist at eg står for noko. Eg får....

-...ha eit ord med i laget?

-Ja, hahaha. Det er viktig at vanlege folk som meg er med og seier kva me meiner. Eg vil gjera mitt for å få til endringar.

I sommar har han laga grunnmuren til den nye garasjen, pusla litt i hagen og vore med sin kjære Cathrine på kjærastetur. Viktig aleinetid før familieturen litt seinare på sommaren. Sjølv ein heilt vanleg mann treng å lade batteriene.

Edd Meby