|

Om kort tid skal han vidareføra faren sitt verk som forsvann i eit voldsomt flammehav i 2008. Går alt etter planen er Kenneth klar til å produsera sine fyrste eingangspallar heime på familiegarden på Kyla. Ei satsing på rundt ein million kroner som no  har ført til kontrakt med Stjernelaks.,

- Eingangspallar er ein billegare variant av den tradisjonelle Euro-pallen, og har same oppbygging og mål. Den er enklare i konstruksjonen og i treverket, og eignar seg difor best til å frakta lettare gods. I praksis kan pallane brukast meir enn ein gong, men ikkje i mitt tilfellet kor kassane skal brukast til å frakta fisk/mat.

Klar til hausten

1.oktober går fyrste sending med nyinnkjøpt traktor og hengar frå Ombo til slakteriet på Helgøy. Kenneth ynskjer ikkje å sei noko om storleiken på kontrakten, anna enn at den vil gå i pluss.

Kenneth er utdanna industrimontør og jobbar med å montera plogar ved Kvernaland Group. Han har leilegheit i Stavanger og vekependlar til Ombo. Men, det er ikkje mykje lenger, for no er det berre snakk om månadar, før han vender heimover og satsar for fullt på eigen bedrift.

- Det gleder eg meg til, det skal bli godt å starta for meg sjølv.

Hall på 420 kvadrat

Like nedanfor huset som Kenneth er i ferd med å totalrenovera, ligg det ferdigstøypte dekket til produksjonshallen, 420 kvadratmeter stort. Alt av utstyr og maskinar er på plass, så no er det berre tak og vegger som manglar. Snautt halvparten av arealet skal vera under plast.

- Eg bygg rubbhallen opp igjen på branntomta. Betongdekket er eksakt same mål som det gamle, men den nye hallen blir 200 kvadratmeter, medan far hadde ein stålbygg som dekka heile dekket . Så dette er å kopiera hans verk på ein prikk. Han hadde og avtale med Stjernelaks.

,-

Kva får deg til å slutta ein trygg og god jobb «i byen» for å starta business på Ombo?

- Den aller viktigaste drivkrafta er at eg vil tilbake til Ombo, fordi det er her eg vil bu i framtida. I og med at jobbmarknaden er særs avgrensa, vart eg nøydd til å skaffa meg min eigen arbeidsplass. At det blir palleproduksjon er meir tilfeldig, og slett ikkje avgjerande for mitt val for å flytta til Ombo. Men når eg fyrst bestemte meg for å ta opp igjen palleproduksjonen, og i tillegg fekk avtale om levering, var valet særs enkelt å ta. Det kunne faktisk ikkje blitt betre.

Tre jobbar

Å produsera eingangspallar til Stjernelaks utgjer om lag 50 prosent stilling for Kenneth. Nå må det seiast at Kenneth har svært stor arbeidskapasitet, så 50 prosent for han, er ikkje nødvendigvis 50 prosent for alle andre. Han har ingen problem med å handtera tre jobbar samtidig

- Eg trivst best når eg har mykje å gjera. Eg har nettopp fått kontrakt med ny arbeidsgivar på Finnøy, så palleproduksjonen vil gå for fullt på ettermiddag- og kveldstid. Det vil og gardsdrifta når han overtek heimgarden om eit par år.

Som den miljøbevisste samfunnsborgaren Kenneth er, har han gjort seg visse tankar om korleis han kan unngå svinn og nytta restane av treverket. Her ligg det store ressursar som elles ville gått til spille. Treverket som nyttast til einganspallane er i kategorien reint trevirke og kan såleis gjenvinnast.

Pellets også?

Det reine trevirket blir kverna opp til flis, og pressa saman til flis eller pellets. Begge deler er egna som brennstoff, og spesielt til opptenning. Tidelegare enda overskots-trevirke opp på deponi, men i dag veit me at det ikkje er ei berekraftig løysing fordi det rotnar og avgir metangass.

- Å utnytta restverdien i form av å produsera pellets er ein kjempegod idé som eg har lyst å gå vidare med, men ikkje før eg veit korleis det fyk av gårde med palleproduksjonen. Det er ikkje lurt å gapa over mykje på ein gong. Dessutan krev pelletsproduksjon investering i andre maskinar, og det har eg verken høve eller tid til no.

På sikt vil Kenneth og sjå på moglegheita for å gå till innkjøp av solcellepanel slik at han kan produsera delar av straumen til produksjonen sjølv.

Oddbjørg M. Måland