Denne hjortehinda blei fanga inn av linsa til eit viltkamera nær Vestbøvarden på Finnøy, sjette august i fjor, i fire-tida om ettermiddagen.

STAVANGER:

Dei foreløpige tala frå hjortejakta på øyane tyder på at det har vore eit godt uttak. Naturforvaltar Vegard Ankarstrand i Stavanger kommune rosar jegrane etter årets jakt.,

-Det ser jysla godt ut, jegrane har vore utruleg flinke. Hatten av for dei, seier Ankarstrand til Øyposten.

Han er fornøyd både med antalet felte dyr i forhold til kvoten, og foredelinga på kjønn og alder.

-Det er viktig for å sikra ein livskraftig stamme, legg Ankarstrand til.

På Finnøy er det skote 12 dyr av ein kvote på 14. Det var lov å fella to bukkar, to koller, to spissbukkar og åtte kalvar, og av desse mangla det bare to kalvar.

-Det er eit resultat me er godt fornøyd med. Etter kvart vil me setja oss ned å diskutera opplegget for jakta neste år, og sjå om det er forbetringar me kan gjera, seier Kai Petter Flesjå, leiar av jaktvaldet på Finnøy.

Det var 20 jegrar med på årets hjortejakt på Finnøy, nokre fleire enn i fjor.

På Ombo viser foreløpige tal at det blei felt heile 135 hjort i haust, mot rundt 90 i fjor. Det er ny rekord, men sluttresultaet kan bli høgare, når registreringa er ferdig, ifølge Ankarstrand.

Tala for Rennesøy er heller ikkje klare ennå, og det er heller ikkje tala for rådyrjakta i øyane.