Desse karane står i langen og lempar ombord 90 tonn bly. Foto: Erling Reilstad.

RENNESØY:

- Me er heilt i sluttfasen på dugnaden, og går alt etter planen skal skuta vera på plass ved kaia på Utstein Kloster hotell fyrstkommande sundag eller måndag, fortel Reilstad. Der skal utvandrarskipet ligga som ein attraksjon. Akkurat no ligg båten i Åmøy Hamn.,

Restauration blei bygd på Finnøy i 2010.Tre år seinare blei båten overtatt av DSD-eigar Yuhong Jin Hermansen, som igjen selde til Cato Østerhus i fjor sommar. Etter at Østerhus tok over båten har det meste av tida gått med til oppussing.

- Kva planar er det for båten framover?

-  Den overordna planen er at i løpet av 2021 - 2025 skal båten synleggjerast mest mogleg, og helst  vera i full drift. Samtidig skal det planleggast kva som skal skje 4. juli 2025 som er 200 års dagen for turen over til Amerika, og USA sin nasjonaldag. Det er langt fram så ingenting er bestemt ennå, men eg veit at det leikast med tanken om eventuelt å ta båten over Atlanterhavet. Elles er det eit ynskje ifrå Østerhus om at Venneforeningen skal vera representert ved markeringa i New York 9.oktober 2025 som er nøyaktig 200 år etter at Restauration sigla inn til verdsbyen og blei teke i arrest fordi det var for mange passasjerar om bord, fortel Ottar Sandanger som er med i Resturation sin venneforening.

I løpet av overfarten fødte Martha Eide ifrå Fogn og ektemannen hennar, kaptein om bord, Lars Larson Geilane, ei jente. Overfarten med Restauration i 1825 blir rekna som innleiinga til den norske utvandringa til USA.