Kristian og faren Ivar Stang frå Finnøy er klar for makrellfiske i Yrkesfjorden.

FINNØY:

Kvoten i år vil bli ein plass mellom 250 og 300 tonn, men dei trur neppe alt vil bli fiska i sommar,

- Nei, det gjer nok ikkje det. Planen er å ta resten i haust med snurpenot og lys, men det blir i området rundt her, forklarer Kristian.

I fjor tok far og son Stang rundt 100 tonn av kvoten på 250 tonn, men det var utan haustfiske.

- Me er nok litt tidleg ute i år, det er lite fisk ennå. Me plar alltid reisa 18. mai, men dei siste åra har det vore fyrst litt seinare det har slått skikkeleg inn. Men så har det og hendt at det har vore godt fiske på denne tida, det er ikkje så lett å sei noko sikkert. Det blir alltid slik på denne tida at me ivrige på å komma igang, og då kan me mest like godt berre reisa. Dei beste prisane får ein også tidlegast i sesongen. Det ligg ingen andre båtar rundt oss her no, men det er fleire båtar i området.

- Kor blir fisken levert?

- Anten på Bru eller på Skudenes, det kjem litt an på. På Bru er det levering til ferskmarknaden og prisane er betre per kilo enn mottaket på Skudenes som tek i mot fisk til frysing,

Førebels har dei berre sett uti to av tre sjølvfiska sittenøter. Dei ventar med den tredje til det blir meir fisk i fjorden.

Blir det lange dagar?

- Akkurat no hjelper me grunneigaren med litt arbeid på garden hans, men det er berre ei lita stund til, mest sannsynleg. Når fiske er godt i gang startar dagen klokka 0400 og varer til 0900, så er det på an igjen klokka 1800 til rundt 2330. Det kjennes som om døgnet har to netter og to dagar. Tida midt på dagen går fort når me har fisk om bord, det er mykje som skal gjerast då, avsluttar Kristian Stang som førebur seg på ei spennande dagar framover.