- Det har vore ei førebuande gruppa, som har gått ut og fått nokre skisser på korleis det nye idrettshuset skal sjå, samt fått kalkylar til kostnadar. Dette jobbast framleis med, og det skal kvalitetssikrast fram mot årsmøtet kor det vil bli presentert, seier formann i Finnøy IL Erling Bleie.

Der vil det bli presentert eit hovudprosjekt med litt forskjellige alternativ.

- Om det vil vera ein eller to etasjar, om taket skal vera flatt, samt kostnadsoversikt og finansieringsplan. Om det blir godkjent på årsmøtet får det grønt lys og blir sett i gong, seier Bleie

Teikningar ynskjer dei førebels ikkje å gå ut med.