-Viss dagens strenge reglar for karantene blir langvarige, kan det fort bli ein vanskeleg situasjon, seier dagleg leiar i Finnøy og Rennesøy Landbrukstenester, Arne Madland til Øyposten.,

Det er 200-300 utanlandske arbeidarar i landbruket i dei to kommunedelane. To tredeler av desse er i Finnøy, og dei aller fleste kjem frå Øst-Europa.

I går kom det nye innskjerpa reglar i samband med korona-utbrotet. Nå skal alle som har vore i utlandet etter den 27. februar vera to veker i karantene. Viss det blir oppdaga symptom på sjukdomer må dei vera i karantene til dei er symptomfri pluss sju dagar etter dette.

-Dette er ei hektisk tid i landbruket, spesielt i gartnerinæringa, kor behovet for arbeidskraft er stort. Det er nå mange av sesongarbeidarane kjem, seier Madland.

-Korleis er kontrollen med at dei som kjem frå utlandet verkeleg går i karantene.

- Det kviler eit stort ansvar på bønder og gartnarar om at dette blir fylgd opp. Brot på regelverket kan faktisk straffast med bøter eller fengsel.  Eg har sendt ut informasjon til bøndene om kva krav som gjeld, og me har også ein app kor reglane blir forklart på rumensk. Men det er utan tvil ei utfordring knytta til språket å nå ut til alle.

-Vil ein sesongarbeidar tapa økonomisk på å gå i karantene?

-Det skal gå greitt å få sjukemelding for dette, men for å få sjukepengar må du ha arbeidd i fire veker først. Det er det nok ein del som ikkje har, og som dermed vil bli ramma økonomisk. Også for bøndene er det ei økonomisk belastning når tilsette blir sjukemelde, seier Madland.

Madland seier at det er behov for avløysarar og arbeidskraft også utanom gartnberia.

-Me har mellom anna store broilerhus kor det trengst plukkarar kvar 5. veke. Og viss bønder blir sjuke må må dei ha avløysar. Dette er noko av det me jobbar med nå, seier Arne Madland.