Statens Vegvesen har byrja pussa opp byggninga og skal bruka lokala sjølv. Foto: Arkiv

RENNESØY: Og arbeidet med oppussinga er allereie i gang.,

- Det er ikkje snakk om mykje oppussing, bortsett frå at ein god del vindauge i andre etasje er rotne og må skiftast. Elles vil det helst gå i flikking, maling og ein skikkeleg vask, seier byggeleiar for driftskontraktar i Statens Vegvesen, Tor Skårland.

Etter at ferjene mellom Mortavika og Arsvågen byrja gå tre gonger i timen, forsvann grunnlaget for kioskdrifta på Mortavika. Jo tettare det blei mellom avgangene, jo mindre blei omsettinga i kiosken. Til slutt var det ikkje lenger liv laga for kiosken.

- Statens Vegvesen har ein del samarbeid med fylkeskommunen i tillegg til bedrifter i nordfylket, difor har me komme fram til at å møtast på halvvegen er ein god idé. Bygget har alle nødvendige fasiliteter, kjøken og toalett. Romma er store og praktiske, og egnar seg bra til vårt bruk.

- Kven kan vera aktuelle kandidatar i fyrste etasje?

- Me har fått fleire henvendingar, men eg vil ikkje sei noko konkret endå. Dette me utleige er ikkje spikra ennå, så difor avventar me den biten. Det kan jo eventuelt vera aktuelt for bedrifter som har samarbeid eller avdelingar på andre sida av fjorden, men kafèdrift blir det aldri igjen, avsluttar Skårland.