Dagens hjem-jobb-hjem kan bli skrota

Kolumbus jobbar med ei ny bilettordning, som kan bety at dagens hjem-jobb-hjem billettar kan bli skrota.

Hjem-jobb-hjem ordninga har forsterka behovet for å ha ei langt meir tilpassa pendlarrute frå Finnøy til Stavanger, meiner Henrik Halleland frå Kr.F.
Publisert: Publisert:
Denne artikkelen er over to år gammel

STAVANGER:

I dag betalar pendlarar 550 kroner aubnsett kor langt dei reiser innan si taksstone. Finnøy og Rennesøy høyrer til takstsone Nord-Jæren, og betalar 550 kroner uansett kor og kor ofte du reiser innanfor sona i løpet av ein månad. Sone Nord-Jæren omfattar Stavanger, Sandnes, Sola og Randaberg.,

Men fylkestinget har vedteke at reiseavstand skal avspeglast i større grad i billettprisen, og Kolumbus jobbar difor med eit nytt opplegg for betaling. Foreløpig er det usikkert når den nye ordninga kan vera oppe og går.

Noko av bakgrunnen er at dagens ordning slår skeivt ut tilø dømes i forhold til pendlarar mellom Strand og Stavanger, som må betala meir enn pendlarear frå Finnøy fordi dei reiser mellom to ulike takstsoner; Nord-Jæren og Ryfylke.  Som ein del av Stavanger kommune får alle i Finnøy og Rennesøy reisa for same pris som reisande på Nord-Jæren, og betalar 550 kroner månaden for Hjem-jobb-hjem. Pendlarar frå Strand eller Hjelmeland må betala 815 kroner månaden for å pendla til byen med Hjem-jobb-hjem. Strand høyrer saman med Hjelmeland, Suldal og Sauda til sone Ryfylke, og ved kryssing av sonegrensa må det betalast i 265 kroner ekstra i månaden for å bruka hjem-jobb-hjem til dømes mellom Strand og Stavanger. I det nye opplegget kan også sonegrensene bli droppa.

På spørsmål frå Øyposten om kva dei reisande kan venta seg av den nye ordninga, skriv  kommunikasjonsrådgjevar Elisabeth Tostensen i Kolumbus i ein epost:

"Kolumbus utreder for tiden en helt ny betalingsløsning for kollektivreiser. Grunntanken er at man i større grad enn i dag skal kunne betale etter hvor lang strekning man reiser, men det er for tidlig å si noe om hvordan det nye betalingssystemet vil påvirke eksisterende ordninger.

Det er ennå langt igjen til de tekniske løsningene er ferdig utprøvd og like langt til å fastslå prisnivå".

-Viss reiseavstand skal telja med, kva vil det få å seia for pendlarar til dømes mellom Finnøy og Stavanger, evt. Rennesøy og Stavanger, eller internt i Finnøy kommunedel.

-Prosjektet åpner for en mer rettferdig prising av kollektivreiser, er svaret frå Kolumbus.

Publisert: