FINNØY:

Ordførar Bjørn Laugaland i Hjelmeland var mannskap på Rødne sin "Rygerå" då brannalarmen gjekk for nokre år sidan.,

-Me låg stasjonert på Tau, då det kom melding om brann på Jørstadvåg. Først måtte me til Judaberg, kor brannmannskapa bar ombord pumper og slangar, før kursen kunne setjast mot Jørstadvåg. Då me kom fram var det alt for seint, huset var brunne ned. Heldigvis var det bare eit uthus, seier Laugaland til Øyposten.

Han synes utspelet frå Rødne om å utstyra den nye ambulansebåten med vannkanon er eit godt initiativ, men tek atterhald for kostnadane med dette.

-Ambulansebåten på Judaberg ligg veldig strategisk til, spesielt for øyane i gamle Finnøy kommune. Her bør Stavanger vera på, spesielt etter at dei har teke vår del av Ombo frå oss, oppfordrar Laugaland.

Rødne gjorde ein henvendelse til Rogaland brann og redning om å utstyra den nye ambulansebåten med vannkanon, før anbudet blei lyst ut i fjor haust. Men rederiet fekk aldri noko svar. Ifølge Tom K. Meyer, sekssjonsleder i Rogaland brann og redning, blei tida for knapp til å ta spølrsmålet opp med Helse Stavanger.

Ambulansebåten er eit samarbeid mellom Stavanger, Hjelmeland og Kvitsøy kommuner. Øyposten har lagt saka fram for varaordførar Dagny Sunnanå Hausken, og også ho stiller seg positiv til tanken.

-Jeg synes jo dette virker som en vinn vinn løsning for både Helse Stavanger og Rogaland brann og redning. Det må likevel være de to etatene som avgjør om det er mulig å får til. Jeg kan ta det videre med Rogaland brann og redning, svarer Sunnanå Hausken i ein epost.