Her blir det vaksinering kvar fredag frå 11. februar (Foto: Rune Nedrebø)

Forslaget kjem som ein følgje av at Sølvberget må spara pengar. Koronapandemien slår rett inn i kommunebudsjettet. Stavanger kommune må spara 300 millionar, meiner kommunedirektøren, og Sølvberget sin del av dette er 4,2 millionar. Det seier seg sjølv at det er nærliggjande å spara 10 prosent av dette på å flytta biblioteket i Rennesøy opp til Innbyggartorget.,

Men dette forslaget blir feil frå ende til annan, og vitnar om ei total mangel på forståing for å utvikla Vikevåg som sentrum i kommunedelen. Viss biblioteklet og frivillighetssentralen blir flytta opp i kommunehuset, er det fint lite igjen i kulturhuset.  Vikevåg risikerer dermed å bli endå meir utdødd som kommunedelssentrum enn situasjonen er i dag.

Det er kritisk for Rennesøy som ein levande kommunedel i den nye kommunen. Rennesøy har hatt ei fin utvikling når det gjeld folketal, men har samtidig i stadig større grad blitt ein soveby for Nord-Jæren. Pendling er den viktigaste levevegen. Her skil kommunedelen seg førebels frå sin nabo i nord, Finnøy, som har lukkast å halda på lokale arbeidsplassar.

Denne situasjonen gjer det bare endå viktigare å byggja opp eit sterkt og godt tilbod i Vikevåg som kan vera eit samlingspunkt for kommunedelen. Me trur det er viktig både for å skapa trivsel og å få folk til å oppleva eit felleskap som rennesøybuar.

Forslaget om å flytta biblioteket går i stikk motsett lei.  Det blir rett nok framstilt som om ei «samlokalisering» med Innbyggartorget skal vera til fordel for alle partar. Realiteten er at det er Innbyggartorget, Stavanger sitt prestisjeprosjekt i den nye kommunen, som slit med besøket og som vil kunna tena på ei samanslåing.  Men framtida får Kulturhuset og Vikevåg sentrum er viktigare enn framtida for Innbyggartorget.

Me er også usamde med leiaren i styret for Sølvberget, Eirik Faret Sakariassen (sv), at det er uansvarleg å be administrasjonen gå ein ny runde om dette, fordi tida er for knapp. Det er å snu saka på hovudet; då er det Sølvberget som er uansvarlege når dei legg fram eit dramatisk kuttforslag som politikarane ikkje får tid til å endra på.