Steffen og Rattchani Tapio sa ja til kvarandre i Sjernarøy-kyrkja Skjærtorsdag.||Gjester og frammøtte helsa brudeparet då dei kom ut etter viinga.||||||

SJERNARØY: Bryllupet i Sjernarøy-kyrkja er den einaste kyrkjelege handlinga i kyrkjene i øyane denne påsken. Brureparet frå Stavanger blei møtt med champagne og norske flagg då dei kom ut etter vielsen, som blei utført av penjsonert sokneprest Olav Kristian Tangeland.,

Gjester og frammøtte helsa brudeparet då dei kom ut etter viinga. Foto: FOTO: Rune Nedrebø

-Me ville gjerne gifta oss her sidan slekta mi kjem frå Sjernarøy. Dessutan er det ei veldig flott og stemningsfull kyrkje, seier Steffen Tapio til Øyposten.

Etter viinga var det planlagt ei markering i all enkelhet på hytta på Kyrkjøy.

Smittesituasjonen gjer at det blir ei ekstra stille veke i kyrkjene i øyane denne påsken. Det er ikkje planlagt nokon arrangementer eller gudstenestar, men kyrkjene i Finnøy vil likevel vera åpne slik at folk kan koma, tenna lys og ha ei stille stund.

I tillegg vil påskehøgtida bli ringt inn i Hesby og Talgje kyrkje. Dessutan er det planar om ei enkel påskevandring ved kyrkjene pluss ved bedehuset på Halsnøy. Det er også digitale sendingar som vil bli lagt ut på kyrkjesidene.

Dette er opplegget til kyrkja i Finnøy i påsken:

Digitale sendingar på heimesida finnoykyrkja.no og Kyrkja i Finnøy på fb.

Påskeplansjar heng ved alle kyrkjene og på Halsnøy bedehus

OPEN KYRKJE

Kom innom  for lystenning, bøn og ei stille stund

Talgje kyrkje er open.

Påskehøgtida ringes inn kl 17-18 påskeafta

Skjærtorsdag

Fogn kyrkje kl 12- 14

Langfredag

Fogn kyrkje kl 12 – 14

Hesby kyrkje kl 12 – 14

Sjernarøy kyrkje kl 11 – 13

Påskeafta

Hesby kyrkje kl 16-17

Påskehøgtida ringes inn kl 17-18

1.påskedag

Fogn kyrkje kl 12-14

Hesby kyrkje kl 1330 – 1530